You Shook Me All Night Long

You Shook Me All Night Long
Singel av AC/DC
frå albumet Back in Black
B-side

«Have a Drink on Me» (UK/US)
«What Do You Do For Money Honey» (Aus)

Utgjeve 15. august 1980[1]
Innspelt April og mai 1980
Studio Compass Point (Nassau)
Sjanger Hardrock
Lengd 3:32
Selskap
Komponist Angus Young
Tekstforfattar Brian Johnson
Låtskrivar(ar)
Produsent Robert John «Mutt» Lange
AC/DC-kronologi 
«Touch Too Much»
(1979)
You Shook Me All Night Long «Hells Bells»
(1980)


«You Shook Me All Night Long» er ein song av det australske hardrockbandet AC/DC, frå albumet Back in Black. Songen kom sidan ut på albumet Who Made Who. Det er den første singelen til AC/DC med Brian Johnson som vokalist, som erstattar for Bon Scott som døydde av alkoholforgifting i februar 1980. Songen nådde 35. plassenen på Hot 100-popsingellista i USA i 1980. Singelen vart gitt ut på nytt internasjonalt i 1986, etter utgivinga av albumet Who Made Who. Den gjenutgitte singelen i 1986 inneheld B-sidene: B1. «She's Got Balls» (Live, Bondi Lifesaver '77); B2. «You Shook Me All Night Long» (Live '83 - berre 12-tommars maxi-singel).

I januar 2018 vart «You Shook Me All Night Long» rangert som nummber 63 på lista til Triple M's «Ozzest 100» over dei «mest australske» songane gjennom tidene.[2]

Mottaking

endre

Record World' sa at han har «eit lastebillass med grus og nok råskap til å tilfredsstilla eit stadionstort publikum», og dessutan «øydeleggjande gitarstøyt.»[3]

«You Shook Me All Night Long» vart nummer 10 på VH1 si liste over «Dei 100 beste songane frå 1980-åra». Han vart òg kåra til den beste AC/DC-songen av VH1. Guitar World plasserte «You Shook Me All Night Long» som nummer 80 på lista si over dei 100 beste gitarsoloane gjennom tidene. I 2021 vart han rangert som nr. 287 på Rolling Stone si liste over dei 500 beste songane gjennom tidene.[4]

Rockekritikaren Robert Christgau rekna songen som ein «trommekroka fucksong» og «det einaste store kunstverket» deira.[5]

Live-versjonar

endre

Låten har vorte eit fast innslag på AC/DC-konsertar, og er sjeldan utelate frå settlista.[6]

Fire liveversjonar av songen er offisielt gitt ut. Den første er med på maxi-singelen «You Shook Me All Night Long» frå 1986, den andre er med på albumet Live; den tredje versjonen er på soundtracket til Howard Stern-filmen Private Parts, og finst òg i AC/DC-boksen Backtrack; og den fjerde er på livealbumet Live at River Plate.

«You Shook Me All Night Long» var òg den andre låten som vart spelt av AC/DC på Saturday Night Live' i 2000, etter framføringa av «Stiff Upper Lip[7] Då AC/DC vart innlemma i Rock and roll Hall of Fame i 2003 av Steven Tyler frå Aerosmith, framførte dei denne songen saman med Tyler.[8]

Johnson framførte songen saman med Billy Joel i Madison Square Garden i New York i mars 2014. Publikasjonen Salon uttalte følgjande morgon i introduksjonen sin til videomaterialet frå framferda: «Dette vil anten vere favorittvideoen i dag, eller eit totalt musikalsk mareritt!»[9]

Komposisjon

endre

Songen er i tonearten G-dur. Hovudverset og riffet følgjer akkordprogresjonen G-C-D.

Kontrovers

endre

Det har gjennom fleire tiår vorte hevda at (i alle fall) delar av teksten til songen er skriven av Bon Scott.

Silver Smith, tidlegare kjæraste med Bon Scott, vart intervjua av Jesse Fink for biografien hans om Scott, Bon: The Last Highway, og her seier han: «Eg veit heilt sikkert at [songen] vart skriven i [leilegheita mi i] Gloucester Road [i Kensington i London] i 1976. 'She told me to come but I was already there' - det skreiv han i eit brev til nokon, ein av kompisane sine, like etter at me vart saman, faktisk. Han førte alltid notatbøker og la til og trekte frå i dei. Han skreiv inn 'amerikanske lår' allereie den gongen, for det var den marknaden dei skulle prøva å kapra. Så det vart skrive for lenge sidan.»[10] I same bok seier kjærasten til Scott i Miami i Florida, ei kvinne under pseudonymet «Holly X», at den opphavlege teksten «chartreuse eyes» vart endra til «sightless eyes» og at ho hadde ein hest som heitte Doubletime. Teksten «working double time on the seduction line» finst i den ferdige songen.

Doug Thaler, venen til Bon og bookingagenten til AC/DC på dei amerikanske turneane deira, seier òg: «Eg bryr meg ikkje om kven som seier noko anna: Du kan vera sikker på at Bon Scott skreiv teksten til 'You Shook Me All Night Long'. Det er Bon Scott sin tekst over alt.»[10]

Frå AC/DC: Hell Ain't a Bad Place to Be av Mick Wall: «Men Malcolm Dome hevdar at kort tid før han døydde, 'dytta Bon til meg tekstboka si'. Han hadde ark med songtekstar som han oppbevarte i ei mappe og bar rundt på. Han hadde vist meg nokre av ideane han hadde jobba med til Back in Black. Ikkje låten 'Back in Black', men songar som var til neste album. Det var eit par linjer, som 'She told me to come but I was already there', som enda opp i 'You Shook Me All Night Long' - det er ein Bon-tekst. Og eg såg han. Eg såg han nedskriven. Det var tekstar, linjer som vart brukte, på Back in Black som Bon skreiv. [Men han vart ikkje kreditert, og den dag i dag er det ingen som veit kva som skjedde. Eg trur ikkje han var i nærleiken av å fullføra alle låtane. Men det finst linjer der som eg kjenner til.»[11]

Dome uttalte òg: «Bon viste meg stolt nokre av skribleria han hadde skrive ned som førebuing til eit album han meinte ville definera AC/DC - og òg opne for nye moglegheiter. Det er vanskeleg å vera heilt nøyaktig på eit kvart hundreårs avstand og gjennom alkoholtåka som omgav kvelden, men eg hugsar éi linje som stod på eit av desse arka: 'She told me to come but I was already there'. Det er ein velkjend tekst frå låten 'You Shook Me All Night Long', og han ber Bons varemerke over heile seg - ei velgjord dobbelttydning som passar inn i historia til ein mann som skreiv 'Big Balls', 'The Jack' og andre songar i same stil.»[12]

Musikkvideo

endre

Det finst to musikkvideoar.

Den første er regissert av Eric Dionysius og Eric Mistler,[13] liknar på dei andre Back in Black-videoane («Back in Black», «Hells Bells», «What Do You Do For Money Honey», «Rock and Roll Ain't Noise Pollution» og «Let Me Put My Love Into You») og er tilgjengeleg på spesialutgåva Back in Black, The Videos. Han er òg inkludert på boksettet Backtrack.

Den andre er regissert av David Mallet[14] og gitt ut seks år etter den opphavlege utgivinga til låten (då låten vart nyutgjeven for Who Made Who). Angus og Malcolm Young følgjer Johnson rundt i den engelske byen Huddersfield, med Angus Young iført sitt karakteristiske skolegutantrekk. I videoklippet ser me den engelske glamourmodellen Corinne Russell, ein tidlegare Hill's Angel og Side 3-jente - saman med andre skinnkledde kvinner i dressar med glidelås i lysken - trakka på treningssyklar i bakgrunnen.

VH1-serien Pop-Up Video avslørte at kvinna som spelte elskarinna til Johnson, under scena med den mekaniske oksen, ved eit uhell stakk seg to gonger med sporen. Roadien som kom henne til unnsetning gifta seg med henne eit år seinare, og Angus Young gav dei ein mekanisk okse i bryllaupsgåve som ein spøk. I den opphavlege videoen frå 1980 spelte Phil Rudd trommer, medan videoen frå 1986 viste Simon Wright, som erstatta Rudd i 1983. Rudd kom tilbake til AC/DC i 1994.

Medverkande

endre

Salslister

endre

Vekeslister

endre
År Liste Plassering
1980
Australske (Kent Music Report)[15] 88
Frankrike (SNEP)[16] 29
Irish Singles Chart[17] 19
UK Singles (Official Charts Company)[18] 38
US Billboard Hot 100[19] 35
Vest-Tyskland (Offisiell tysk singelliste)[20] 29
1986 UK Singles (Official Charts Company)[21] 46
2012 Australia (ARIA)[22] 49
Frankrike (SNEP)[23] 124
UK Singles (Official Charts Company)[24] 42
2015 Sverige (Sverigetopplistan)[25] 5
2017 US Hot Rock & Alternative Songs (Billboard)[26] 11

Årslister

endre
Liste (1980) Plassering
Australia (Kent Music Report)[27] 42

Salstrofé

endre
Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[28] 8× Platina 560 000^
Danmark (IFPI Danmark)[29] Gull 5 000^
Tyskland (BVMI)[30] Gull 250 000^
Italia (FIMI)[31] 2× Platina 100 000*
Mexico (AMPROFON)[32] 3× Platina 180 000^
Portugal (AFP)[33] Platina 40 000x
Storbritannia (BPI)[34] Platina 600 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

I popkulturen

endre

Kjelder

endre
  1. «AC/DC - You Shook Me All Night Long». ARIA Top 50 Singles. Henta 19. august 2022. 
  2. «Here Are The Songs That Made Triple M's 'Ozzest 100'». Musicfeeds. 27. januar 2018. Henta 20. mai 2023. 
  3. «Single Picks» (PDF). Record World: 12. 6. september 1980. Henta 21. februar 2023. 
  4. «The 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone (på engelsk). 15. september 2021. Henta 18. juli 2022. 
  5. Christgau, Robert (1990). «AC/DC». Christgau's Record Guide: The 80s. Pantheon Books. ISBN 067973015X. Henta 26. juni 2023. 
  6. «AC/DC Tour Statistics». Setlist.fm. Henta 26. juni 2023. 
  7. «AC/DC - You Shook Me All Night Long - Live [NBC 2000]». The Unofficial AC/DC Channel on YouTube. Google, Inc. 25. juli 2009. Arkivert frå originalen (Audio upload) 22. desember 2021. Henta 13. september 2014. 
  8. «Steven Tyler inducts AC DC Rock and Roll Hall of Fame inductions 2003» (Video upload). Rock and roll Hall of Fame + Museum on YouTube. Google, Inc. 28. oktober 2010. Henta 13. september 2014. 
  9. Angela450NYC (22. mars 2014). «Must-see morning clip: Billy Joel og AC/DCs Brian Johnson perform «You Shook Me All Night Long» last night» (Video upload). Salon. Henta 13. september 2014. 
  10. 10,0 10,1 Fink, Jesse (2018). Bon: The Last Highway (Revised utg.). Penguin Books Australia. ISBN 9780857988935. 
  11. Wall, Mick (25. oktober 2012). AC/DC: Hell Ain't a Bad Place to Be. ISBN 9781409115366. 
  12. Dome, Malcolm (August 2005). «Back in Black: The Lyrical Debate» (PDF). Classic Rock. 
  13. «- AC/DC - «You shook me (all night long) [version 1: 1980]"». Mvdbase.com. Henta 3. april 2013. 
  14. «- AC/DC - «You shook me (all night long) [version 2: 1986]"». Mvdbase.com. Henta 3. april 2013. 
  15. Kent, David (1993). Australske Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australske Chart Book. s. 11. ISBN 0-646-11917-6. 
  16. "Lescharts.com – AC/DC – You Shook Me All Night Long" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  17. «Irish Charts». Irishcharts.ie. 28. september 2011. Henta 26. juni 2023. 
  18. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  19. "AC/DC Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for AC/DC. Prometheus Global Media.
  20. "Offiziellecharts.de – AC/DC – You Shook Me All Night Long". GfK Entertainment Charts. Henta 26. juni 2023.
  21. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  22. "Australian-charts.com – AC/DC – You Shook Me All Night Long". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  23. "Lescharts.com – AC/DC – You Shook Me All Night Long" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  24. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  25. «Veckolista Heatseeker, vecka 28, 2015» (på svensk). Sverigetopplistan. Henta 2. mai 2021. 
  26. "AC/DC Chart History (Hot Rock & Alternative Songs)". Billboard. Retrieved 11. mars 2020.
  27. «National Top 100 Singles for 1980». Kent Music Report. 5. januar 1981. Henta 17. januar 2022 – via Imgur. 
  28. «ARIA Charts – Accreditations – 2023 Singles». Australian Recording Industry Association. 
  29. «Danish single salstrofé – AC/DC – You Shook Me All Night Long». IFPI Denmark. 
  30. «Gold-/Platin-Datenbank (AC/DC; 'You Shook Me All Night Long')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  31. «Italian single salstrofé – AC/DC – You Shook Me All Night Long» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter AC/DC in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  32. «Certificaciones – 2022» (på spansk). Asociación Mexicana de Productores de Fonogramas y Videogramas. 
  33. «Portuguese single salstrofé – AC/DC – You Shook Me All Night Long» (PDF) (på portugisisk). Associação Fonográfica Portuguesa. 
  34. «British single salstrofé – AC/DC – You Shook Me All Night Long». British Phonographic Industry.  Enter You Shook Me All Night Long in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  35. «Slingshot - You Shook Me All Night Long». Slingshot at Discogs. Discogs. 2014. Henta 13. september 2014. 
  36. Jacobson, Colin (3. mai 2006). «A Knight's Tale: Extended Edition (2001)». DVD Movie Guide. DVD Movie Guide. Henta 13. september 2014. 
  37. «Céline Dion;Anastacia - You Shook Me All Night Long». CelineDionVEVO. Google, Inc. 27. mars 2011. Arkivert frå originalen (Video upload) 22. desember 2021. Henta 13. september 2014. 
  38. «Big and Rich Shake Up AC/DC». Spinner. 4. mai 2007. Henta 29. juni 2013. 
  39. «S1E24:See Ya-New Girl». TuneFind. Henta 26. juni 2023.