Tove Bakke

Tove Bakke (fødd 19. desember 1954 i Sande i Sunnfjord)[1] er ein norsk omsetjar og gjendiktar. Ho er utdanna cand.mag. i fransk, spansk og litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo. Ho omset hovudsakleg frå fransk og spansk, og har omsett verk av forfattarar som mellom anna Astrid Lindgren, Anna Gavalda, Laurent Gaudé, Daniel Pennac og Ian Sansom. Ho har også omsett ei rad ulike teaterstykke. Sidan 1989 har ho vore saksbehandlar i Norsk Kulturråd sin litteraturseksjon.

Tove Bakke
Fødd 19. desember 1954 (66 år)
Sande i Sunnfjord
Yrke omsetjar

Ho har motteke både Bastianprisen i 2003, og Samlagsprisen i 2008.[1] I 2009 var ho festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela.[2]

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 «Tove Bakke - (Forfatter)». Henta 4. mai 2009.  Kulturnett.no.
  2. «Dei Nynorske Festspela på 14 språk». Ivar Aasen-tunet. 31. mars 2009. Henta 4. mai 2009. 

BakgrunnsstoffEndra