Trøym
tettstad i Hemsedal
Trøym, også kjend som Hemsedal, er ein tettstad og administrasjonssenteret i Hemsedal kommune i Buskerud. Tettstaden ligg ved elva Hemsil som renn gjennom Hemsedalen, ein sidedal til Hallingdalen, og har 969 innbyggjarar per 1. januar 2023. Staden har namn etter garden Trøym.
Trøym | |||
Hemsedal | |||
tettstad | |||
Hemsedal kyrkje på Trøym
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Buskerud | ||
Kommune | Hemsedal | ||
Areal | 1,01 km² | ||
Folketal | 969 (2023) | ||
Folketettleik | 959 / km² | ||
Postnummer | 3560 HEMSEDAL | ||
Innbyggjarnamn | hemsedøl | ||
Preposisjon | på Trøym | ||
Trøym 60°51′47″N 8°33′12″E / 60.86293°N 8.55337°E | |||
Wikimedia Commons: Hemsedal (village) |
Trøym har daglegvarebutikkar, apotek, fleire hotell, idrettsanlegg og barne- og ungdomsskule. Tettstaden har stor turisttrafikk.[1] Hemsedal kyrkje frå 1882 står på austsida av tettstaden og er tilgjengeleg frå riksveg 52.
Samferdsel
endreRiksveg 52 passerer Trøym på nordsida av elva. Vegen går mellom krysset til riksveg 7 ved Gol og krysset til europaveg 16 nær Borlaug i Sogn og Fjordane.
Bilete frå Trøym
endre-
Hemsedal kommunehus
-
Trøimshallen
-
Hemsedal turistkontor
Kjelder
endre- ↑ «Hemsedal – tettsted». Store norske leksikon. 26. februar 2017. Henta 24. april 2018.