Verdun-traktaten

(Omdirigert frå Traktaten i Verdun)

Verdun-traktaten av 10. august 843 delte det karolingiske riket mellom dei tre overlevande sønene til den tysk-romerske keisaren og frankiske kongen Ludvig den fromme.

Delinga av riket til Karl den store.

Alle brørne var allereie etablerte i kvart sitt kongedøme, Lothar i Italia, Ludwig i Bayern og Karl i Aquitaine. Lothar fekk den sentrale delen, Låglanda (det noverande Benelux), Lorraine, Alsace, Burgund, Provence og Italia, og som keisar også overherredøme over kongerika til brørne. Ludvig fekk den austlege delen, som utvikla seg til dagens Tyskland, og Karl fekk den vestlege delen, som kom til å utvikla seg til dagens Frankrike.

Sjølv om traktaten ofte blir rekna som byrjinga på slutten til Karl den store sitt rike, reflekterte han i røynda berre fortsetjinga av den frankiske idéen om deleleg arv framfor primogenitur.

Kjelder endre