Karl den skalla (13. juni 8236. oktober 877) var konge av Vestfrankarriket i tidsrommet 843-877 og keisar av Det tysk-romerske riket frå 875 til 877. Han var yngste son av Ludvig den fromme frå det andre ekteskapet til faren med Judith av Bayern.

Karl den skalla

Fødd13. juni 823
FødestadFrankfurt am Main
Død6. oktober 877
DødsstadAvrieux
GravstadKlosterkyrkja Saint-Denis
Gift medErmentrude d'Orléans, Richilde av Provence
DynastiKarolingarane
FarLudvig den fromme
MorJudith
BornJudith of Flanders, Ludvig II av Frankrike, Charles the Child, Carloman, Lothar the Lame, Rothilde, Ermentrude, Hildegard, Gisela, Rotrude, Drogo, Pippin, Charles

Etter ei rekkje innbyrdeskrigar medan faren framleis styrte det veldige rikt han hadde arva frå far sin, Karl den store, slo traktaten i Verdun i 843 til at riket skulle delast mellom dei tre gjenverande brørne: halvbroren Ludvig den tyske fekk Austfrankerriket og den eldste halvbroren, Lothar, fekk det midtre rikt og heldt på keisartittelen. Karl, den yngste av dei, fekk òg ein tredjedel av det karolinske riket. Etter at Lothar døydde i 869 freista han å skaffa seg herredømme over heile Lotharingien, men i 870 måtte han overlata den austlege delen av Ludvig den tyske. I 875 blei Karl konge av Italia og blei krona til tysk-romersk keisar i Roma.

Karl var den siste kongen over det noverande Frankrike som òg blei keisar. Frankrike fekk først tittelen tilbake i 1804, då førstekonsul Bonaparte lét seg krone til keisar Napoleon I av Frankrike. I dei mellomliggande 900 åra var det tyske kongar som blei kåra til romerske keisarar.

Liv og virke endre

Strid med brørne endre

 
Karl den skalla, frå Codex Aureus av St. Emmeram. Bayerische Staatsbibliothek

Karl var eit resultat av at den første kona til faren, Ermengarde, døydde i 818, og Ludvig den fromme blei rådd til å gifta seg på nytt. Den 41 år gamle kongen valde då den 22 år gamle Judith av Bayern som fødde han to barn. Det første, dottera Gisela, blei fødd i 820. Dottera blei seinare gifta bort til Eberhard av Friuli, ein viktig støttespelar for Lothar, og blei mor til Berengar av Friuli, den siste tysk-romerske keisaren i den karolinske tida.[1] Karl blei fødd den 13. juni 823 i Frankfurt, då halvbrørne hans frå det første ekteskapet til faren allereie var vaksne og hadde fått sine eigne småkongedømmer underordna Frankarriket.[2] Karl hadde tre eldre halvbrør: Lothar, Pepin av Aquitaine (som døydde i 838), og Ludvig den tyske.

Då han fekk endå ein son ynskte faren òg å gje han ein del av arven etter seg. Problemet var at i 817 hadde Ludvig den fromme utskrive han eit Ordinatio Imperii, ei keisarleg avgjerd som la fram planar for ei velordna etterfølging, der brørne fekk ein del av styret, men utan kongelege titlar.[3] Brørne såg ei kvar endring i avtala frå 817 som eit angrep på deira stilling. Frå slutten av 820-talet og fram til slutten av Ludvig sitt liv i 840 var han i jamleg strid med ein eller fleire av sønene sine, og ved eit tidspunkt vart han avsett av eit bisperåd.[4] Ludvig tildelte Karl eit underkongerike, først Alamannia (eit område mellom dagens Frankrike og Tyskland) og deretter eit landområde mellom elva Maas og fjellkjeda Pyreneane, men det var ikkje vellukka. Dei mange forsoningane med dei opprørske brørne Lothar og Pepin, og med broren Ludvig den tyske som var konge av Bayern, gjorde at Karl sin del i Aquitaine og Italia berre blei ei mellombels løysing. Far hans gav likevel ikkje opp og gjorde Karl til arving av alt land som ein gong var Gallia. Ved ein middag i Aachen i 837 kravde Ludvig den fromme at adelen skulle gje sin lojalitet til Karl som hans arving.[5] Broren Pepin døydde i 838 og då mottok Karl Aquitaine, noko som opprørte både adelen i Aquitaine og arvingane etter Pepin.[6]

Då Ludvig den fromme døydde i 840 braut det ut krig mellom dei gjenverande brørne. Karl allierte seg med broren Ludvig den tyske for å stå imot ambisjonane til den nye keisaren Lothar, og brørne sigra over Lothar i slaget ved Fontenoy-en-Puisaye den 25. juni 841.[7] Året etter stadfesta dei to brørne alliansen sin ved å feira eiden i Strasbourg. Krigen mellom dei tre brørne varte fram til han blei enda gjennom traktaten i Verdun i 843 som delte riket mellom dei tre gjenverande brørne: Ludvig den tyske fekk Astfrankarriket og Lothar fekk det midtre riket og halde på tittelen som keisar.[8] Karl fekk Vestfrankerriket. Dette riket, som han fram til denne tida hadde styrt, tilsvarte omtrentleg til det som i dag er Frankrike, så langt som elvene Maas, Saône og Rhône, og med tillegget av dei spanske grenseområdet, Marca Hispanica, så langt som til elva Ebro. Austfrankarriket, det området som Ludvig den tyske fekk, tilsvarte omtrentleg det som i dag er Tyskland. Lothar heldt på kongeriket Italia, dei sentrale delane av Flandern via Rhinland og Burgund og tittelen som keisar.

Styre i vest endre

 
Kongedøma til Karl den skalla og dei andre karolingarane i 876.

Dei første åra då Karl styrte, fram til Lothar døydde i 855, var høvesvis fredelege. I løpet av desse åra heldt dei tre brørne fram med systemet av «broderleg styring» og kom jamleg saman, ved Koblenz (848), ved Meerssen (851) og ved Attigny (854). I 858 blei Ludvig den tyske invitert av misnøgde adelege som ville utkonkurrera Karl, og denne misnøya førte til at dei samla seg for å invadera Vestfrankarriket. Karl var på denne tida så upopulær at han ikkje klarte å samla ein hær og måtte flykta til Burgund.[9] Han blei berga berre ved støtte frå biskopane som nekta å krona Ludvig den tyske som konge, og ved lojaliteten til welfeae, slekta til mor hans Judith. I 860 freista Karl å erobra kongedømmet til nevøen sin Karl av Provence, den yngste sonen til Lothar, men blei slått tilbake. Då nevøen Lothar II døydde i 869, freista Karl å overta besittelsane hans ved å få seg sjølv innvigd som konge av Lotharingia ved Metz, men han blei tvinga til opne forhandlingar då broren Ludvig den tyske fann støtte blant dei tidlegare vasallane til Lotha. Lotharingia blei delt mellom Karl og Ludvig i den påfølgjande avtala i 870, traktaten i Meerssen.[10]

 
Fransk denier av Karl den skalla, prega i Paris. Til venstre er monogrammet hans Karolus, forma som ein kross.
 
Fransk denier (type tempel og kross) av Karl den skalla, prega ved Reims i tida 840-864 (før ediktet i Pistres).

Forutan desse familiestridane måtte Karl òg kjempa mot fleire opprør i Aquitaine og i Bretagne. Leia av høvdingane Nomenoë og Erispoë overvann bretonarane overkongen sin Karl i slaget ved Ballon i 845 og i slaget ved Jengland i 851. Med desse sigrane klarte bretonarane å skaffa seg eit faktisk sjølvstende. Herskarane som følgde i Bretagne blei kalla for kongar, men blei seinare omdefinerte til den nye mellomalderske tittelen hertug. Ein annan trussel mot riket kom frå nord i form av rastlause norrøne nordbuarar som herja landa som vikingar. I 845 hadde dei kringsett Paris og herja hovudstaden. Vikingane kom attende fleire gonger og Karl blei tvinga til å kjøpa seg tid ved å betala dei store summar for å forsvinna. Han leia fleire ekspedisjonar mot dei utan større hell. Ediktet i Pistres av 864 fremja fleire verkemiddel mot vikingangrepa, som ikkje berre herja kysten av riket, men òg angreip innlandet.[11] Det blei avgjort at ein stor styrke med kavaleristar skulle opprettast som kunne samlast når det var naudsynt. Karl gav ordre om at alle menn som hadde hestar eller hadde råd til å halda hest skulle tenestegjera i hæren som kavaleristar. Denne styrken blei forløparen til riddarane i mellomalderen, ei klasse aristokratiske pansra krigarar, og det franske kavaleriet som blei berømt i dei påfølgjande seks hundreåra. Føremålet til kongen var å ha ein mobil styrke som kunne angripa fienden før dei kunne sleppa unna med byttet sitt.[12] Samstundes gav Karl ordre om å forskansa bruene for å blokkera vikingangrep opp elvene. To av desse bruene ved Paris berga byen i løpet av kringsetjinga i 885-886.[13] Karl freista òg å kontrollera bygginga av private festningar, men det feila og sjølv mindre herrar bygde eigne festningar på lokale åsar for å forsvara seg sjølv og leilendingane sine frå den konstante trusselen frå vikingangrep.

I tillegg til å innføra viktige militære reformer, hadde ediktet òg politiske og økonomiske konsekvensar. Kong Pepin II av Aquitaine, nevøen som Karl hadde kjempa imot i tiår, var blitt teken til fange i 864 og blei formelt avsett ved Pistres. Økonomisk innførte Karl forbod mot å driva handel med fienden, stramma inn kontrollen over myntpreging og regulerte straffa for forfalsking. Før ediktet var det minst ni stadar i Frankrike som hadde rett til å prega mynter, men dette blei redusert til tre stadar. Av dei tre myntsortane Karl prega hadde den eine monogrammet Karolus, som òg var blitt nytta av Karl den store (768-814) og Karl den einfaldige (897-922).[14] Pepin II hadde nytta eit liknande monogram på siea mynter, og etter at han blei avsett, endra Karl designa med bokstavar med to linjer for at det lettare skulle kunna vera mogleg å sjå skilnad.[15] Kongen forventa å få direkte fordeler frå myntpreginga. Sidan han ville at folk betala han med pengar, og for å stimulera transaksjonar som gjorde det mogleg for å gjera det, var det i interessa til kongen å retta opp igjen tillita til valutaen. Karl sine myntar var i praksis ei massiv og utstrekt form for skattelegging då myntpreginga gav kongen ein betydeleg del.[16] Den eldste institusjonen i Frankrike som framleis er i drift, og moglegvis det eldste føretaket i verda, er myntverkstaden Monnaie de Paris. Denne blei offisielt grunnlagt i 864 med ediktet i Pistres. Verkstaden i Paris, som var direkte knytt til krona, fekk ry under eineveldet, Ancien Régime, som den fremste produksjonen i landet av myntpreging.[17]

Tysk-romersk keisar endre

 
Ei framstilling frå 1856 av Karl sitt gravmonument.
 
Framtoninga av Karl den skalla etter døden og gravlegginga hans.

Etter at keisar Ludvig II, son av Karl sin halvbror Lothar, døydde i 875, drog Karl til Italia. Han var støtta av pave Johannes VIII for å motta den kongelege krona i Pavia og den keisarlege krone og insignia i Roma den 29. desember. Ludvig den tyske og den eldste sonen hans Karloman var òg kandidatar til å etterfølgja Ludvig II, og rasande invaderte og herja dei besittelsane til Karl den skalla. Karl måtte i all hast dra tilbake til Vestfrankarriket. Ludvig den tyske planla ytterlegare krigføring då han blei sjuk og døydde den 28. august 876 i Frankfurt. Han etterlét seg tre søner som uvanleg nok respekterte fordelinga av riket. Karl den skalla såg høvet for å leggja Austfrankarriket under seg, men blei avgjerande slått av den nye kongen Ludvig den yngre i slaget ved Andernach den 8. oktober 876, og han klarte berre så vidt å koma unna med livet.[18][19]

I mellomtida kom det sterke oppfordringar frå pave Johannes VIII, som var truga av sarasenarar (muslimske piratar) om å koma til forsvar av han og Italia. Karl kryssa igjen Alpane med ein hær, men denne ekspedisjonen var prega av misnøye frå motlause adelege, og sjølv Karl sin regent i Lombardia, Boso, var utan entusiasme, og dei nekta følgja hæren hans. På same tid gjekk Karloman av Bayern, bror av Ludvig den yngre, inn i nordlege Italia med ein hær. Karl var allereie sjuk og i stor naud, braut av hærtoktet og byrja på heimreisa til Vestfrankarriket. Han døydde undervegs medan dei drog gjennom passet i fjellet Mont Cenis ved Brides-les-Bains, den 6. oktober 877.[20]

I følgje Annales Bertiniani (Annalane frå Saint Bertin-klosteret i Saint-Omar), som dekker perioden 830-882, blei Karl gravlagd i all hast ved klosteret i Nantua i Burgund sidan berarane ikkje lenger klarte å halda stanken frå den rotnande lekamen hans. Han blei seinare gravlagd på nytt i klosterkyrkja Saint-Denis i Paris der dei franske kongane tradisjonelt blei lagt til kvile. Det er skrive ned at det var ei minneplate av messing der som blei riven ned og smelta om under den franske revolusjonen.

Karl blei etterfølgd av den eldste sonen sin, Ludvig stammaren, som var fysisk svak, og døydde av naturlege årsaker i april 879. Det er blitt hevda Karl den skalla hugsast som ein mann som arbeidde for utdanning og litteratur, ein ven av kyrkja, og var medviten på at han kunne finna støtte hos biskopane mot vanskelege adelege. Han valde rådgjevarane sine blant biskopane som i tilfellet med Wenilo, biskop av Sens, som var den som krona han i 848, og såleis endeleg sameinte Aquitaine med Vestfrankarriket. I 858 gav Wenilo støtte til den austfrankiske invasjonenen, og blei fordømd som ein forrædar av kongen. Dei blei forsona året etter og han fekk tilbake stillinga si, som han heldt på fram til han døydde i 865. I samtidige litterære legender som var knytte til fransk historie og særleg Karl den store i Rolandskvadet var forræderen Ganelon basert på Wenilo.[21] Namnet «Ganelon» blei synonymt med omgrepet forrædar, omtrent slik «quisling» blei i nyare tid. Hinkmar, erkebiskop av Reims, var ei stor støtte for Karl og var rådgjevar, ven og propagandist for han. Han bidrog vesentleg gjennom innverknaden sin til å gjera om Ludvig den tyske sitt forsøk på å underleggja seg riket. Same lojalitet viste han òg Karl sin son og etterfølgjar.[22]

 
Rytterstatuen av Karl den store (ca. 879) som er anteke å eigenleg framstella hans sønnesønn Karl den skalla.

Det har vore spekulasjonar kring Karl sitt tilnamn «den skalla», på tysk der Kahle. Det er foreslått at det blei brukt ironisk og ikkje som ei skildring, det vil seia at han faktisk ikkje var skalla, men tvertimot særs hårete.[23] Ei alternativ tolking er basert på Karl sin innleiande mangel på eit regnum. «Skalla» kunne i dette tilfellet vera ein ironisk referanse til at han var utan land og besittelsea i ein tidsalder då dei eldre brørne hans allereie hadde vore underkongar i ein del år, samanlikn med engelske Johan utan land.[24]

Samtidige skildringar av personen hans, som i Bibelen hans av 845, seglet hans av 847 (som konge) og seglet hans av 875 (som keisar) viser han med eit hovud fylt med hår, det same gjer ryttarstatuen frå rundt 870 som ein trur viser han, og ikkje Karl den store.[25]

Manuskriptet Slekta til dei frankiske kongane frå Fontanelle, datert til moglegvis så tidleg som 869, er ei tekst utan eit spor av ironi. Denne namngjev han som Karolus Calvus (Karl den skalla). Ved slutten av 900-talet refererte Richier av Reims og Adhemar av Chabannes til han i fullt alvor som Karl den skalla.[26]

Ekteskap og barn endre

Karl gifta seg med Ermentrude, som var dotter av grev Odo I av Orléans, i 842. Ho døydde i 869. I 870, året etter, gifta Karl seg med Richilde av Provence, som nedstamma frå ein adelsfamilie i Hertugdømmet Lothringen (fransk Lorraine).

Barn med Ermentrude:

  • Judith (ca. 843–etter 866), gift først med kong Æthelwulf, konge av Wessex, deretter sonen hans Æthelbald, og for tredje gong med grev Balduin I av Flandern
  • Ludvig stammaren (846–879)
  • Karl barnet (847–866)
  • Lothar den lamme (848–866), munk i 861, blei abbed av Saint-Germain
  • Karloman (849–876)
  • Rotrude (852–912), nonne, abbedisse av Saint-Radegunde
  • Ermentrud (854–877), nonne, abbedisse av Hasnon
  • Hildegarde (fødd 856, død som spedbarn)
  • Gisela (857–874)
  • Godehilde (864–907)

Barn med Richilde:

  • Rothilde (871–929), gift først med Hugues (Hugo), greve av Bourges og deretter med Roger av Maine.[27]
  • Drogo (872–873)
  • Pippin (eller Pepin) (873–874)
  • Ein son, fødd og døydde i 875
  • Karl (876–877)

Kjelder endre

  1. RI I n. 925d, Ludwig der Fromme, 833 iuni 30, Rotfelth : Regesta Imperii
  2. Riche (1983), s. 150.
  3. Goldberg, Eric Joseph (2006): Struggle for Empire: Kingship and Conflict Under Louis the German, 817-876, Cornell University Press, s. 31
  4. Holmes, George (1988): The Oxford Illustrated History of Medieval Europe, London: Guild Publishing, s. 104
  5. Riche (1983), s. 157.
  6. Riche (1983), s. 158.
  7. Bradbury (2007), s. 14.
  8. Riche, Pierre (1983): The Carolingians:The Family who forged Europe, overs. Michael Idomir Allen, University of Pennsylvania Press, s. 162.
  9. «Charles the Bald», NNDB
  10. Nelson (1992), s. 17-18.
  11. Hill, Brian E. (April 2013): Charles the Bald's 'Edict of Pîtres' (864): a Translation and Commentary (PDF), University of Mennestoa (MA thesis)
  12. Knighton, Andrew (31. juli 2016): «8 Brutal Conflicts Between Franks and Vikings», War History Online
  13. Abbo Cernuus; N. Dass, red. (2007): Viking Attacks on Paris: The Bella Parisiacae Urbis of Abbo of Saint-Germain-des-Prés. Peeters Publishers. ISBN 978-9-0429-1916-7.
  14. Guillaume, Sarah (2010): «Charlemagne, Charles the Bald and the Karolus monogram coinage. A multi-disciplinary study» i: The Numismatic Chronicle 170, s. 227-286
  15. Coupland, Simon (2007): Carolingian Coinage and the Vikings: Studies on Power and Trade in the 9th Century, Ashgate Publishing, Ltd., s. IX
  16. Nelson, Janet L. (2014): Charles The Bald, Routledge
  17. «1,150 years of history» Arkivert 2017-11-15 ved Wayback Machine., Monnaie de Paris
  18. Nelson, Janet L. (2014): Charles The Bald, Routledge, s. 864.
  19. Halsall, Guy (2003): Warfare and Society in the Barbarian West, 450-900, Psychology Press, s. 189
  20. Riche (1983), s. 204.
  21. Nelson, Janet L. (1992): Charles the Bald, London: Longman, s. 188, note 121.
  22. Cantor, Norman F. (1993): The Civilization of the Middle Ages, s. 186.
  23. Nelson (1992), s. 13.
  24. Lebe (2003)
  25. Boshof, Egon (2001): «Karl der Kahle — novus Karolus magnus?» i: Erkens, Franz-Reiner: Karl der Große und das Erbe der Kulturen: Akten des 8. Symposiums des Mediävistenverbandes, Walter de Gruyter, s. 135.
  26. Dutton (2008).
  27. Riche (1983), s. 237.

Litteratur endre

  • Bradbury, Jim (2007): The Capetians: Kings of France 987-1328. Hambledon Continuum.
  • Dutton, Paul E. (2008): Charlemagne's Mustache. Palgrave Macmillan.
  • Lebe, Reinhard (2003): War Karl der Kahle wirklich kahl? Historische Beinamen und was dahintersteckt. Dt. Taschenbuch-Verlag.
  • Nelson, Janet L. (1992): Charles the Bald, London: Longman. Nyutgivelse 2014, Routledge.
  • Riche, Pierre (1983): The Carolingians: The Family who forged Europe. University of Pennsylvania Press.