Trollkrabbe
Trollkrabbe
Trollkrabbe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Orden: Tifotkreps Decapoda
Familie: Trollkrabbar Lithodidae
Slekt: Trollkrabbar Lithodes
Art: Trollkrabbe L. maja
Vitskapleg namn
Lithodes maja

Trollkrabben er eit krepsdyr som er vanleg over heile norskekysten på mjuk botn frå 10 til 600 m djupn. Trass i namnet er han ingen ekte krabbe, men ei anomure, nærare skyld eremittkrepsen. Ein nær slektning av trollkrabben som òg har teke til å gjera seg gjeldande i norske farvatn er kongekrabben.

Kjenneteikn endre

Trollkrabben er oransje eller brun, og dekt med relativt lange piggar. Han har lange og tynne gangbein (opp til 34 cm), bortsett frå det femte som er tilbakedanna og skjult under bakkroppen. Bakkroppen er asymmetrisk, og den høgre kloa er litt større enn den venstre. Ryggskjoldet er nesten rundt og kan nå ein diameter på 12-14 cm.

Levesett endre

Trollkrabbar trivst på blaut botn frå 10 til 800 m djupn, grunnare lenger nord. Dei er aggressive predatorar som et mangebørstemakk, kråkebollar, sjøstjerner, slangestjerner, andre krepsdyr og rogn. Som mange andre krepsdyr er dei i tillegg åtseletarar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Trollkrabbe