Tromsø domkyrkje

(Omdirigert frå Tromsø Domkyrkje)

Tromsø domkyrkje er ei domkyrkje i Tromsø som vart bygd i 1861. Kyrkja er den einaste protestantiske domkyrkja i Noreg som er bygd i tre. Arkitekten bak kyrkja er Christian Heinrich Grosch. Kyrkja er i nygotikk og ligg med kyrkjetårnet og hovudinngangen vendt mot vest. Domkyrkja er oppført som langkyrkje med tilbygg på langsidene som gjev ho ei krossform.

Tromsø domkyrkje
domkyrkje
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Tromsø
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Tromsø domprosti
Periode Nygotikk
Arkitekt Christian Heinrich Grosch
Material tre
Innvigd 1861
Tårn Ved inngangen
Kyrkjegard I kyrkjeparken
Sitjeplassar 600
Kart
Tromsø domkyrkje
69°38′56″N 18°57′25″E / 69.64877°N 18.95682°E / 69.64877; 18.95682
Wikimedia Commons: Tromsø domkirke

Tromsø domkyrkje ligg i hjartet av Tromsø sentrum, omkransa av kyrkjeparken der det har vore gravplass frå mellomalderen fram til første halvdel av 1800-talet. Nokre eldre graver kan ein framleis sjå på nordaustsida av kyrkja.

Interiøret er dominert av altartavla, som er ein kopi av verket Oppstandelsen av Adolph Tidemand. Originalen står i Bragernes kyrkje i Drammen.

Kjelder endre

  Denne kyrkjeartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.