Tromsøbrua
Tromsøbrua er ei bru som kryssar Tromsøysundet mellom Tromsdalen på fastlandet og Tromsø på Tromsøya. Brua var den første fritt frambygg-brua som vart bygd i Noreg.
Tromsøbrua | |||
Type | Fritt frambyggbru, vegbru | ||
---|---|---|---|
Stad | Tromsø kommune | ||
Opna | 1960 | ||
Strekning | Fylkesveg 862 | ||
Lengd | 1 016 meter | ||
Høgd | 36 meter | ||
Fri høgd | 38 m. | ||
Største spenn | 80 m. | ||
Kryssar | Tromsøysundet | ||
Materiale | spennarmert betong | ||
Transporterer | |||
Trafikk | 18 571 (2022)[1] | ||
Tromsøbrua 69°39′05″N 18°58′41″E / 69.6513°N 18.978130555556°E |
Brua er av plasstøypt dekke i betong, med slanke pilarar i betong. «Fritt-fram-delen» vart støypt med tre meters seksjonar om gongen, på kvar side, til endane møttest. Brua har 58 spenn. Bygginga skjedde mellom 1958 og 1960 og ho er no ein del av riksveg 862.
Det er gjort framlegg om å verna Tromsøbrua i Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner,[2] og var i 2007 mellom 41 bruer og bygningar i verneplanen som vart innstilte til vern av Riksantikvaren.[3]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Trafikkdata Fv862 Tromsøbrua». Statens vegvesen.
- ↑ Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner Arkivert 2007-11-11 ved Wayback Machine. (sjå eige avsnitt om Tromsøbrua)
- ↑ Riksantikvaren: Varsel om fredning av byggverk (broer) i Statens vegvesens eie (3. september 2007)
- Denne artikkelen bygger på «Tromsøbrua» frå Wikipedia på bokmål, den 9. april 2008.
Bakgrunnsstoff
endre- Arkitektguide om Tromsøbrua
- Tromsøbrua i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren