Trygve Sverdrup

norsk politikar

Trygve Sverdrup (22. juli 18861964) var ein norsk marineoffiser og Høgre-politikar som var ordførar i Tønsberg og stortingsmann for kjøpstadene i Vestfold.

Trygve Sverdrup
Fødd22. juli 1886
Oslo
Død1964 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
FarHarald Ulrik Sverdrup
Alle verv

Sverdrup var son til ein ingeniør busett i Kristiania. Sjølv utdanna han seg til sjøoffiser i 1908, premierløytnant frå 1911. I 1911-12 fekk han stipend for å kunne studere motorteknikk og elektroteknikk ved Charlottenburg techn. Hochschule i Tyskland. Frå 1913 til -20 var han i undervassbåtteneste i Marinen. Etter ein treårsperiode som havarisjef i Jac. O. Lyngaas & Co. var han tilbake i Marinen frå 1923 som kaptein. Perioden 1923-34 var han ubåtsjef. Forfremja til kommandørkaptein 1. desember 1937.

Sverdrup var medlem av bystyret i Tønsberg frå 1923, varaordførar 1934-36 og ordførar 1936-37. Han var i si tid formann i kommunikasjonskomiteen i byen, og styreformann 1928-37 i De kommunale kinematografers styre i Tønsberg. Hausten 1933 vart han vald til stortingsrepresentant frå valkrinsen med dei fire kjøpstadene i Vestfold, vald for partiet Høgre. Etter attval i 1936 var han tingmann 1937-45. Alle sesjonane på Stortinget var han medlem i Militærkomiteen.

Under andre verdskrigen vart Sverdrup arrestert av okkupasjonsmakta. Frå 12. januar 1942 sat han fengsla på Grini til 6. februar 1942. Sidan var han krigsfange i Tyskland, kom heim 28. mai 1945.

Kjelder endre