Opna hovudmenyen

Tuft stavkyrkje

tidlegare stavkyrkje i Kongsberg kommune

Koordinatar: 59°29′32″N 10°0′40″E

Vestportal frå Tuft stavkyrkje
Foto: J. Rácz / Kulturhistorisk museum
Sørportalen i skipet

Tuft stavkyrkje stod litt nord for dagens Tuft kyrkje, i utkanten av Hvittingfoss i Sandsvær (no i Kongsberg kommune). Dagens kyrkje står på ei slette som tidlegare var ekserserplass, rett i sørkant av den gamle kyrkjegarden, på grunn frå Tuft nedre (gnr. 5).

HistorieEndra

Kyrkja er datert til omkring 1200 på grunnlag av to bevarte portalar i Oldsaksamlinga. Prestbol (præstar a Tuft) er omtala[1] i 1366, altså like etter Svartedauden, og dessutan i jordeboka til biskop Eystein Aslaksson[2] i 1395, så det er kanskje uriktig slik det vart hevda på slutten av 1700-talet at kyrkja vart liggjande øde etter Svartedauden.[3] Etter reformasjonen var det fleire forsøk på å legge ned kyrkjestaden. I 1624 brevveksla kongen med biskopen og statthaldaren, og den 4. august skreiv kongen: ... Thurfft Annex, liggendes under Sandshverv Hovedkirke, bekvemmeligen kan afskaffes og Bønderne en af de andre tvende forne Sandshverv Hovedkirkes Annexer at kunde underlægges; thi beder vi eder og ville, at I det saaledes forordner, at forne Thurfft Annex afskaffes og de 9 Bønder, som hertildags til forne Annex ligget haver, heretter under Commenes Annex maa lægges . . .».[4] I 1629 vart kyrkjeklokkene overførte til Komnes kyrkje, og døypefonten gjekk same vegen. Men i 1639 fekk Komnes ein ny døypefont etter at den frå Tuft var ført tilbake dit. Biskopen hadde i mellomtida bestemt at kyrkja skulle takast i bruk att, truleg etter protestar fra kyrkjelyden. Protestar vart det òg ved nedleggingsforslag i 1770-åra og på 1800-talet.

KyrkjebyggEndra

 
Grunnplan og tverrsnitt i stavkyrkja. Teikning av Christian Christie.

Hovedkjelda til kyrkja sin utsjånad er måleskisser utførte av arkitekt Christian Christie forutan dei nemnde portalane. Elles har ein nokre eldre synfaringsrapportar. Christie skildrar ei enkel, einskipa langkyrkje der skipet målar om lag 11,55 m x 5,05 m. Det tilnærma kvadratiske koret hadde på Christie si tid same breidd som skipet, men Christie påpeikar at det opphaveleg var smalare. Sigrid og Håkon Christie anslår i «Norges kirker» at koret opphaveleg var om lag 2,90 m bredt. Ein trur at det fekk samme breidd som skipet ein gong i mellomalderen, men dette er ikkje sikkert kjent. Samanstillinga av teikningar hos Nicolay Nicolaysen, som publiserte Christie sine teikningar[5], fekk ei stund m.a. Lorentz Dietrichson til å tru at Tuft var ei midtmastkyrkje.

Etter utvidinga skal kyrkja ha hatt svalgangar langs alle fire veggane. Desse var skrøpelege på 1600-talet, og ein trur dei vart rivne i 1699, då kyrkja fekk våpenhus foran vestportalen. Kyrkja hadde takryttar midt på mønet. Kyrkja vart riven då dagens kyrkje vart oppført i 1880.

Bevarte gjenstandar frå stavkyrkjaEndra

Christie skildra tre portalar: vestportal og sørprotal i skipet og sørportal i koret. Vestportalen er i Oldsaksamlinga i Oslo, der ein òg finn vangeplankar og ein overliggarplanke frå skipet sin sørportal. Vestportalen har dyre- og rankeornamentikk og føyer seg inn i telemarkstradisjonen. Døypefonten frå kyrkja er å finne i Drammens Museum. Det finst `dessutan ein kyrkjemodell med krossarm på den eine sida.

FotnotarEndra

  1. Diplomatarium Norvegicum III:349
  2. Aslaksson, Eystein (1958). Huitfeldt-Kaas, H.J., red. Biskop Eysteins Jordebog (Den røde Bog). Fortegnelse over det geistlige Gods i Oslo Bispedømme omkring Aar 1400. H. 1 (2. utg.). Oslo: Børsum. s. 85–86. 
  3. Brendalsmo & Eriksson, s. 8.
  4. Sitert i «Norges kirker».
  5. Nicolaysen, Nicolay (1860–1866). Norske bygninger fra fortiden. 1. række. Christiania. 

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra