Turid Thomassen

norsk politikar

Turid Thomassen (fødd 19. april 1965) er ein norsk politikar frå Stathelle i Bamble kommune som var leiar i Raudt frå 2010 til 2012. Ho tok over vervet som leiar etter Torstein Dahle. Før ho vart partileiar, var ho ein markant lokalpolitikar i Lillehammer, der ho har vore kommunestyrerepresentant sidan 1999. Ho har òg sete i landsstyret i Raudt og RV i mange år. Fram til ho vart leiar i Raudt, jobba ho som konsulent på Høgskolen i Lillehammer. Ho er gift med SV-politikaren Aksel Hagen, som sit på fylkestinget i Oppland.

Turid Thomassen
Turid thomassen.jpg
Fødd19. april 1965 (57 år)
Porsgrunn
Statsborgar avNoreg
PartiRaudt
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar
InstitusjonarHøgskolen i Lillehammer
EktefelleAksel Hagen
VervLeiar i Raudt 2010–2012
FøregangarTorstein Dahle
EtterfylgjarBjørnar Moxnes

Thomassen er oppteken av fagleg-politisk arbeid, og har vore tillitsvald i Norsk Tenestemannslag. Elles er ho særleg engasjert seg i internasjonalt arbeid, mellom anna for Palestina.[1]

KjelderEndra

FotnotarEndra