Tussa Nett AS

Tussa Nett er eit tidlegare norsk føretak skipa i 1996[1] og fusjonert med Tafjord Kraftnett til Mørenett 1. januar 2014.[2]

Det eigde og dreiv eit energiforsyningsnett med om lag 3 400 km linjer og kablar, 1 462 nettstasjonar og 19 transformatorstasjonar. Selskapet hadde konsesjon i kommunane Hornindal, Volda, Ørsta, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid. Regionalnettet dekte i tillegg kommunane Sykkylven og Stranda. Tussa Nett hadde om lag 27 578 kundar i distribusjonsnettet.

Tussa Nett var organisert i seksjonar med ansvar for nettforvalting, drift, vedlikehald, utbygging, entreprenørtenester og tenester som mellom anna måling, avrekning, nettinformasjon og nettovervaking. Tussa Nett hadde 115 tilsette per 31.12.2010. Tussa Nett hadde hovudkontor i Dragsund i Herøy kommune, og avdelingar i Hornindal, Fiskåbygd og Hovden.

Tussa Nett vart utskilt som eige selskap i Tussakonsernet for å ivareta oppgåver knytte til nettmonopolet. Samstundes hadde selskapet fokus på å utvikle nye og framtidsretta engasjement, tufta på eigen kjernekompetanse rundt infrastruktur og energi. Tussa Nett dreiv òg med breibandsutbygging, lysanlegg, kraftstasjonsutbygging, høgspentinstallasjonar, overvaking- og verdisikring og klima- og energirådgjeving. Selskapet satsa også på installasjon, og eigde 100 % av aksjane i selskapa Ose & Aarseth AS i Ørsta og Rud Elektro AS i Ulsteinvik. I tillegg tilbaud det installasjonstenester i Hornindal og Vanylven med eigne tilsette i Tussa Nett.

KjelderEndra

  1. «Bloomberg - Are you a robot?», www.bloomberg.com, henta 14. januar 2022 
  2. «Historie», Mørenett (på norsk), henta 14. januar 2022