Tvinga migrasjon er migrasjon på grunn av diskriminering av politiske, religiøse eller etniske årsaker; tvingande økonomiske årsaker (som til dømes at ein må flykte for å kunne tene til livets brød); eller miljøendringar som naturkatastrofar eller andre alvorlege miljøendringar som ikkje gjer det mogleg å leva der ein kjem frå. Omgrepet skil seg frå frivillig migrasjon.

Tibetanarar har migrert i ein jamn straum sidan Tibet blei okkupert av Kina i 1959. Dei fleste slår seg ned i Nepal, som her, eller India.
Foto: Stephen Codrington

Folk som av slike årsaker blir tvungne til å flykta blir ofte kalla for høvesvis konvensjonsflyktningar, økonomiske flyktningar og miljøflyktningar. Konvensjonsflyktningar kjem inn under FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR) sitt ansvar og blir såleis prioritert og fordelt på land som har forplikta seg til å ta imot flyktningar. Å komme inn under FN sin definisjon for flyktning kan altså ha stor betydning. omgrepet miljøflyktning er eit relativt nytt omgrep som har komme med den generelle merksemda rundt miljøproblem i 1980-åra.

Kjelder

endre