Tyri

(Omdirigert frå Tyre)

Tyri er kjerneved frå furu som er gjennomtrekt av harpiks og terpentinstoff. Han brenn lett og har derfor lenge vore bruk til opptenning, som peisved og som lyskjelde. Frå gammalt av har ein òg brukt tyri til å vinna ut tjøre. Gamle furustubbar gjev best tyri, men også skadde delar av levande tre kan gje slik ved. Materialet blir danna ved at furuveden blir metta med kvae.

Tyristikker til opptenning.
Tyristikkehaldar.

Tyri brenn godt med ein roleg, mørk flamme. Det er lett å få fyr på sjølv når det regner. Ulempa med tyrived er at han gjev mykje sot.

Annan bruk av tyri var som møllmiddel ved at ein la flak mellom klede. Ein har også brukt tyri til å impregnera treski ved å røyka dei over tyriflammar.

Kjelder endre

«tyri» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tyri