USS «Williamsburg» (AGC-369)
Karriere | |
---|---|
Namn: | «Aras» |
Eigar: | Hugh J. Chisholm |
Verft: | Bath Iron Works |
Kjølhalt: | 19. mars 1930 |
Sjøsett: | 8. desember 1930 |
Overtatt: | 15. januar 1931 |
Lagnad: | Erverva av the US Navy, 24. april 1941 |
Karriere | |
Namn: | USS «Williamsburg» |
Kalla opp etter: | Williamsburg i Virginia |
Overtatt: | 24. april 1941 |
Sett i teneste: | 7. oktober 1941 |
Teke ut av teneste: | 30. juni 1953 |
Lagnad: |
Overført til National Science Foundation, 9. august 1962 |
Karriere | |
Namn: | «Anton Bruun» |
Kalla opp etter: | Anton Frederik Bruun |
Operatør: | Woods Hole Oceanographic Institution |
Overtatt: | 9. august 1962 |
Lagnad: |
Seld 1971 I dag i opplag i La Spezia i Italia |
Generelle mål (i teneste for US Navy) | |
Deplasement: | 1834 tonn full lasta |
Lengd: | 74,3 m |
Breidd: | 11 m |
Draft: | 4,3 m |
Framdrift: | 2 × Winton dieselmotorar, 1100 hk |
Fart: | 13,5 knop |
Mannskap: | 81 |
Utrusting: |
• 2 × 76 mm kanonar • 6 × .50 kal. maskingevær • 2 × .30 kal. Lewis-maskingevær • 2 × søkkeminekastar • 1 × "Y"-kanon • handskytevåpen; 16 rifler og 10 pistolar |
USS «Williamsburg» var ein kanonbåt i US Navy, og sidan ein privat yacht som tente som presidentyacht frå 1945 til 1953.
Skipet vart bygd i stål som «Aras», og vart sjøsett 8. desember 1930. US Navy tok over skipet den 24. april 1941, og kalla det «Williamsburg». Fartøyet vart no ombygd til kanonbåt av Brewer Drydock and Repair Co., i Brooklyn i New York. Etter ombygginga i 1941 tente «Williamsburg» i Nord-Atlanteren under andre verdskrigen.
Etter krigen vart "Williamsburg" presidentskip og fekk namnet AGC-369. Dei neste åra tente fartøyet to presidentar, Harry S. Truman og Dwight D. Eisenhower, og var i drift fram til 1953 før det gjekk attende til marinen. Skipet vart omsider stroke frå lista til US Navy i april 1962.
«Williamsburg» vart overført til National Science Foundation 9. august 1962, og vart ombygd frå presidentyacht til oseanografisk forskingsfartøy ved Woods Hole Oceanographic Institute. Skipet fekk no namnet «Anton Bruun» etter den kjende danske marinbiologen. Skipet hadde ti tokt i Indiahavet, og seinare fleire tokt i Sørishavet i området kring Humboldtstraumen. I 1968 skulle skipet reparerast, men fekk store skadar då tørrdokken brått sokk. Skipet vart reparert og var i mange år restaurantskip ved Salem River i New Jersey. I 1993 vart skipet seld til Italia, og planen var å bygge om skipet til eit luksuriøst cruiseskip, men dette vart aldri noko av og skipet ligg i dag i opplag i La Spezia
-
«Williamsburg» ligg å rustar ved marinebasen i La Spezia i Italia (2008)
-
(2008)
-
La Spezia i Italia (2008)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «USS Williamsburg (AGC-369)» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: Denne artikkelen inneheld tekst frå Dictionary of American Naval Fighting Ships som er i offentleg eige. The entry can be found here.
Bakgrunnsstoff
endre- Photographs from Truman Presidential Collection Arkivert 2011-09-29 ved Wayback Machine.
- Article on presidetial yachts @ Hazegray.org
- Entry @ Navsouce.org
- On The Water Boats and Ships
- USS Williamsburg Preservation Society, Inc. - Listing @ Historical Naval Ship Organization official website Arkivert 2007-04-15 ved Wayback Machine.
- Kirilloff & Associates, Inc. official website
- Dream Boat