Uli Stielike

tysk fotballmanager og fotballspelar

Ulrich Stielike, kjend som Uli Stielike, (fødd 15. november 1954) er ein tysk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Ketsch i Baden-Württemberg. Han var ein mykje stødig midtstoppar og/eller defensiv midtbanespelar som vart europameister med Vest-Tyskland i 1980 og dessutan vann ei mengd pokalar med Borussia Mönchengladbach, Real Madrid og Neuchâtel Xamax. Stielike er, saman med Rainer Bonhof og Manfred Kaltz, dei einaste som har spelt finale i både VM-, EM-, europacupen, cupvinnarcupen og UEFA-cupen.

Uli Stielike
Uli Stielike på en pressekonferanse føre ein privatlandskamp med Iran i 2014
Personleg informasjon
Fullt namn Ulrich Stielike
Fødselsdato 15. november 1954 (69 år)
Fødestad Ketsch i Vest-Tyskland
Høgd 176 cm
Posisjon Midtbane, Sweeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Tianjin Teda (trenar)
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1972-1977 Borussia Mönchengladbach 109 (12)
1977-1985 Real Madrid 215 (41)
1985-1988 Neuchâtel Xamax 66 (0)
Totalt 390 (53)
Landslag
1975-1984 Vest-Tyskland 42 (3)
Trenar for
1989-1991 Sveits
1992-1994 Neuchâtel Xamax
1994-1995 Waldhof Mannheim
1996 Almería
1998-2000 Tyskland (assistenttrenar)
2000-2006 Tyskland (U19 / U20 / U21)
2006-2008 Elfenbeinskysten
2008 Sion
2008-2010 Al-Arabi
2010-2012 Al-Salliya
2013-2014 Al-Arabi
2014-2017 Sør-Korea
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel endre

Stielike fekk kontrakt med det vesttyske topplaget Borussia Mönchengladbach i 1973 og spelte på laget i fire og eit halvt år. Gjennom desse sesongane var han med å vinne bundesligaen tre år på rad, og elles vinne den vesttyske cupfinalen 1973 og UEFA-cupen i 1975. I sin siste kamp med Borussia, europacupfinalen 1977, måtte han tole tap mot Liverpool FC.

Sommaren 1977 vart Stielike overført til spanske Real Madrid. Dei tre fyrste åra med Madrid-laget sanka han tre nye ligatitlar. I tillegg var han med å vinne den spanske cupen både i 1980 og 1982, derimot gjekk han på tap i finalane i høvesvis europacupen 1981 mot Liverpool FC og cupvinnarcupen 1983 mot Aberdeen FC. Våren 1985 var han på plass i midtforsvaret til Real då Madrid-laget vann UEFA-cupen for fyrste gong.

Etter åtte sesongar i Real Madrid veksla Stielike i 1985 over til sveitsiske Neuchâtel Xamax, der han både i 1987 og 1988 hjelpte laget til siger i den sveitsiske fotballigaen. Han la opp våren 1988.

Landslagsspel endre

I tida frå debuten i 1975 til hans siste landskamp i september 1984 fekk Stielike 42 kampar i den vesttyske landslagstrøya. Han fekk ikkje plass i VM-troppa 1978. Sidan var han med i både Fotball-EM 1980, verdsmeisterskapen i Spania 1982 og Fotball-EM 1984. Både under EM 1980, som Tyskland vann etter 2-1 over Belgia i finalen, og i VM 1982, der Tyskland tapte finalen med 1-3 mot Italia, spelte Stielike alle kampane. Også då Tyskland gjorde eit heller dårleg meisterskap i 1984, spelte han alle tre kampane til full tid. Sine tre landslagsmål skåra han i 1983/84-sesongen.

Merittar endre

  • Europameister: 1980 for Vest-Tyskland
  • VM-sølv: 1982 for Vest-Tyskland
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1975 med Borussia Mönchengladbach og 1985 med Real Madrid
  • Vesttysk seriemeister: 1975, 1976, 1977 med Borussia Mönchengladbach
  • DFB-pokalen: 1973 med Borussia Mönchengladbach
  • Spansk seriemeister: 1978, 1979, 1980 med Real Madrid
  • Spansk cupmeister: 1980 og 1982 med Real Madrid
  • Finaletap i Europacupen: 1977 med Borussia Mönchengladbach og 1981 med Real Madrid
  • Finaletap i Cupvinnarcupen: 1983 med Real Madrid
  • Sveitsisk seriemeister: 1987 og 1988 med Neuchâtel Xamax

Trenar endre

Stielike var landslagssjef 1989-91 for Sveits, 2006-08 for Elfenbeinskysten og 2014-17 for Sør-Korea.

Kjelder endre