Ulug-Beg
Mīrzā Muhammed Tāraghay bin Shāhrukh, betre kjend som Ulug-Beg (22. mars 1394–27. oktober 1449) var ein tatarfyrste, astronom og matematikarar.[1]
Ulug-Beg | |||
| |||
Fødd | میرزا محمد طارق بن شاه رخ 22. mars 1394 Soltaniyeh | ||
---|---|---|---|
Død | 27. oktober 1449 Samarkand | ||
Område | astronom, matematikar og sultan | ||
Yrke | astronom, matematikar, kalligraf, astrolog | ||
Kjend for | trigonometri og sfærisk geometri | ||
Barn | Abd al-Latif, Rabiya Sultan Begim, Abd al-Aziz |
Ulug-Beg var soneson av Timur Lenk. Han oppretta i 1440 eit observatorium av store dimensjonar i Samarkand, Ulug-Beg-observatoriet. Det vert rekna som eit av dei finaste observatoria i den islamske verda på den tida og det største i Sentral-Asia.[2] Han bygde Ulugh Beg Madrasah (1417–1420) i Samarkand og Bukhara, og gjorde om byane til kultursenter for lære i Sentral-Asia.[3] Ulug-Beg laga ein stjernekatalog med 1018 stjerner.
Krateret Ulugh Beigh på månen vart kalla opp etter han av den tyske astronomen Johann Heinrich von Mädler på eit kart frå 1830 over månen. Seinare vart òg ein asteroide kalla opp etter han med namnet 2439 Ulugbek.
Kjelder
endre- ↑ David Eugene Smith. History of mathematics
- ↑ Ekmeleddin İhsanoğlu & Feza Günergun. Science in islamic civilisation"
- ↑ A.J.J. Mekking. The global built environment as a representation of realities
«Ulug-Beg» (15. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no. Henta 13. august 2014.