Klimakonvensjonen (SNs rammekonvensjon om klimaendringar) er det sentrale rammeverket for internasjonalt samarbeid i kampen mot klimaendringar.

Klimakonvensjonen vart vedtatt 9. mai 1992 og tredde i kraft 21. mars 1994, og var 5. mars 2002 ratifisert av 185 statar og Den europeiske unionen. Noreg ratifiserte avtalen 9. juli 1993. Konvensjonen legg vekt på føre var-prinsippet og har som endeleg mål å stabilisere konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren på eit nivå som vil forhindre farleg, menneskeskapt påverking av klimasystemet.

Ulike plikter

endre

Partane i konvensjonen er delt inn i 3 kategoriar med ulike plikter:

Vedlegg I-partar

endre

Industrilanda og land med overgangsøkonomi har forplikta seg til å vedta nasjonale klimastrategiar og gjennomføre tiltak i samsvar med desse for å avgrense utsleppa av klimagassar og auke opptaket av slike gassar.

Vedlegg-I-partane er Austerrike, Australia, Belgia, Bulgaria, Canada, Danmark, Estland, Det Europeiske Fellesskapet (EF), Finland, Frankrike, Hellas, Kviterussland, Irland, Island, Italia, Japan, Latvia, Litauen, Luxembourg, Nederland, New Zealand, Noreg, Polen, Portugal, Romania, Russland, Spania, Storbritannia og Nord-Irland, Sveits, Sverige, Tsjekkoslovakia, Tyrkia, Tyskland, Ukraina, Ungarn og USA.

Vedlegg II-partar

endre

Industrilanda har forplikta seg til å hjelpe utviklingsland finansielt og ved teknologioverføring, forsking og klimaovervaking.

Vedlegg II-partane er Austerrike, Australia, Belgia, Canada, Danmark, Europeiske Fellesskap (EF), Finland, Frankrike, Hellas, Irland, Island, Italia, Japan, Luxembourg, Nederland, New Zealand, Noreg, Portugal, Spania, Storbritannia og Nord-Irland, Sveits, Sverige, Tyrkia, Tyskland og USA.

Tredje kategori

endre

Utviklingslanda har ikkje forplikta seg tilsvarande når det gjeld utslepp eller finansiell bistand.

Oppfølgande avtalar

endre

Konvensjonen er prosessorientert og skal følgjast opp, slik at partane sidan kan forplikte seg sterkare og meir bindande. Sidan partane har sett at det dei forplikta seg til i konvensjonen ikkje var tilstrekkeleg, vedtok den tredje partskonferansen i Kyoto den 11. desember 1997 Kyotoprotokollen ved konsensus.

Bakgrunnsstoff

endre