Up Around the Bend
Up Around the Bend Singel av Creedence Clearwater Revival frå albumet Cosmo's Factory | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | April 1970 | |
Sjanger | Roots-rock | |
Lengd | 2:41 | |
Selskap | Fantasy | |
Komponist | John Fogerty | |
Tekstforfattar | John Fogerty | |
Låtskrivar(ar) | John Fogerty | |
Produsent | John Fogerty | |
Creedence Clearwater Revival-kronologi | ||
«Travelin' Band» (1970) |
Up Around the Bend | «Lookin' Out My Back Door» (1970)
|
«Up Around the Bend» er ein song spelt inn av det amerikanske bandet Creedence Clearwater Revival, og skriven av frontmannen John Fogerty. Songen vart skriven og spelt inn berre få dagar før den europeiske turneen deira i april 1970 og vart gjeven ut på albumet Cosmo's Factory.
Songen opnar med eit markant gitarriff spelt av John Fogerty. Teksten omhandlar ei samling «up around the bend» (rundt svingen) på ein hovudveg og inviterer lyttaren om å bli med.
Han vart gjeven ut som singel i lag med «Run Through the Jungle» og nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 våren 1970. Han selde til gullplate for salstal over ein million. Han vart òg ein stor hit i Storbritannia, der han nådde tredjeplassen på UK Singles Chart. I Noreg låg songen på VG-lista i 13 veker og nådde andreplassen som høgaste plassering.
Songen er blitt spelt inn av andre artistar som Elton John, tidleg i karrieren hans og det finske rockebandet Hanoi Rocks, som spelte han i 1984 på albumet Two Steps from the Move.
I media
endre«Up Around the Bend» er blitt nytta i følgjande filmar: Eau froide, L' (1994), Michael (1996), Remember the Titans (2000), Invincible (2006), The Hoax (2007) og Red Dawn (2012). Han vart òg nytta i miniserien From the Earth to the Moon (1998) og i ein episode av My Name Is Earl (2008).
Songen er nytta i Kurt Cobain-dokumentaren Kurt Cobain About a Son og finst på filmmusikkalbumet til dokumentaren.
Songen er spelbar i videospela Guitar Hero World Tour og Rock Band-serien.
Salslister
endreListe (1970) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[1] | 1 |
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[2] | 3 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] | 2 |
Canada (RPM 100 Singles)[4] | 1 |
Frankrike (IFOP)[5] | 23 |
Irland (IRMA)[6] | 3 |
Nederland (Mega Single Top 100)[7] | 1 |
New Zealand (Listener)[8] | 4 |
Noreg (VG-lista)[9] | 2 |
Sør-Afrika (Springbok)[10] | 6 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[11] | 6 |
UK Singles (Official Charts Company)[12] | 3 |
USA (Billboard Hot 100)[13] | 4 |
Vest-Tyskland (Offisiell tysk singelliste)[14] | 3 |
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
USA (RIAA)[15] | Platina | 2 000 000^ |
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Up Around the Bend» frå Wikipedia på engelsk, den 17. august 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ David Kent (1993). Australian Chart Book 1970-1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 310. ISBN 0-646-11917-6. N.B. The Kent Report chart was licensed by ARIA between mid 1983 and 19. juni 1988.
- ↑ "Creedence Clearwater Revival – Up Around The Bend – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 2016-03-16.
- ↑ "Ultratop.be – Creedence Clearwater Revival – Up Around The Bend" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 2016-03-16.
- ↑ «Library and archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Library and Archives Canada. Henta 16. mars 2016.
- ↑ «Les Tubes de chaque artiste commençant par C».
- ↑ «The Irish Charts – All there is to know». IRMA. Henta 16. mars 2016.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Creedence Clearwater Revival – Up Around The Bend" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 2016-03-16.
- ↑ Flavour of New Zealand, 17. august 1970
- ↑ "Norwegiancharts.com – Creedence Clearwater Revival – Up Around The Bend". VG-lista. Hung Medien. Henta 2016-03-16.
- ↑ «SA Charts 1965–March 1989». Henta 19. september 2020.
- ↑ "Creedence Clearwater Revival – Up Around The Bend – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 2016-03-16.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 2016-03-16.
- ↑ «Creedence Clearwater Revival Chart History». Billboard. Henta 16. mars 2016.
- ↑ "Offiziellecharts.de – Creedence Clearwater Revival – Up Around The Bend". GfK Entertainment Charts. Henta 2019-05-17. For å sjå plasseringa, klikk "TITEL VON Creedence Clearwater Revival"
- ↑ «American single salstrofé – Creedence Clearwater Revival – UP AROUND THE BEND». Recording Industry Association of America. Henta 30. november 2018. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH