Run Through the Jungle

Run Through the Jungle
Singel av Creedence Clearwater Revival
frå albumet Cosmo's Factory
Språk engelsk
Utgjeve April 1970
Innspelt Mars 1970 i Wally Heider's Studio i San Francisco i California
Sjanger Rock, bluesrock, roots-rock
Lengd 3:05
Selskap Fantasy Records
Komponist John Fogerty
Tekstforfattar John Fogerty
Låtskrivar(ar) John Fogerty
Produsent John Fogerty
Creedence Clearwater Revival-kronologi 
«Up Around The Bend»
(1970)
Run Through the Jungle «Lookin' Out My Back Door»
(1970)


«Run Through the Jungle» er ein song frå 1970 av det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival. Songen vart skriven av frontmannen John Fogerty og gjeven ut på albumet deira Cosmo's Factory i 1970.

Historie endre

Tittelen på songen, teksten og at han kom ut i 1970, i tillegg til at Creedence hadde songar som antikrigssongen «Fortunate Son», har fått mange til å meine at songen omhandlar Vietnamkrigen.[1] I følgje Fogerty sjølv stemmer ikkje dette. I eit intervju i 1993 med Los Angeles Times sa han

« Eg trur mange tenkte på grunn av tida han kom ut, men eg snakka om Amerika og spreiinga av våpen, både registrerte og uregistrerte. Eg er ein jeger og eg er ikkje imot våpen, men eg syns berre folk vart så våpenglade -- og det var så mange ukontrollerte våpen at det byrja å bli farleg, og det er til og med verre no. Det er interessant at det har tatt 20 år å få ei rørsle som er imot denne spreiinga. »

Songen opnar og avsluttar med jungellydar, skapt av bassisten Stu Cook ved hjelp av «gitar og piano spelt av baklengs».[1] Dleen på munnspel vart spelt av John Fogerty. Songen var òg favoritt CCR-songen til Tom Fogerty: «Favorittsongen min med Creedence var 'Run Through the Jungle'... Det er som ein liten film med alle lydeffektane. Han skiftar aldri tone, men held interessa di heile vegen. Det er som ein musikalsk draum. Han endrar ikkje tone, men gjev deg ein illusjon om dette.»[2]

Songen vart gjeve ut på singel i lag med «Up Around the Bend» og kom ut i april 1970. Singelen nådde fjerdeplassen på poplista i USA (den sjette singelen til bandet som nådde Topp 10) og selde etter kvart til gullplate for meir enn ein million selde eksemplar.

Songen har vorte spelt inn av The Gun Club, Bruce Springsteen, Georgia Satellites, 8 Eyed Spy, Killdozer, Link Wray, The Cramps og Los Lobos.

Kontrovers endre

Songen var sidan ein del av ein kontrovers då Saul Zaentz, sjef for plateselskapet til CCR, Fantasy Records, som eigde rettane til musikken til Creedence Clearwater Revival, saksøkte John Fogerty fordi han meinte Fogerty-songen «The Old Man Down the Road» frå 1984 likna for mykje på «Run Through the Jungle». Zaentz vann fram med nokre av klagane sine mot Fogerty, men tapte saka om rettane. Dommaren meinte at ein artist ikkje kan plagiere seg sjølv.[3] Etter å ha vunne saka saksøkte Fogerty Zaentz for kostnadane han hadde hatt med forsvare seg i retten. Fogerty vann denne saka.

I andre media endre

«Run Through the Jungle» er nytta i følgjande filmar: Rude Awakening (1989), Air America (1990), Rudy (1993), Forrest Gump (1994) The Big Lebowski (1998), Radiofreccia (1998), Tropic Thunder (2008) og TV-filmen To Heal a Nation. Han er òg nytta i fjernsynsseriane Supernatural, Entourage og Skins (2010).

Songen er spelbar i videospelserien Rock Band.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre