Opna hovudmenyen

Cosmo's Factory

studioalbum av Creedence Clearwater Revival
Cosmo's Factory
Studioalbum av Creedence Clearwater Revival
Utgjeve Juli 1970[1]
Innspelt 1969–1970 i Wally Heider Studios i San Francisco i California
Sjanger Roots-rock, countryrock, bluesrock, southern rock
Lengd 42:28
Selskap Fantasy
Produsent John Fogerty
Creedence Clearwater Revival-kronologi
Willy and the Poor Boys
(1969)
Cosmo's Factory Pendulum
(1970)
Singlar frå Cosmo's Factory
  1. «Travelin' Band»/«Who'll Stop the Rain»
    Utgjeve: Januar 21970[1]
  2. «Run Through the Jungle»/«Up Around the Bend»
    Utgjeve: April 1970[1]
  3. «Lookin' out My Back Door»
    Utgjeve: Juli 1970[1]
  4. «I Heard It Through the Grapevine»
    Utgjeve: Januar 1976[1]

Cosmo's Factory er det femte studioalbumet til det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival, gjeve ut på Fantasy Records i juli 1970 som Fantasy 8402, same månaden som singelen «Lookin' out My Back Door» med «Long As I Can See the Light» kom ut.[1]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg lenkje
Robert ChristgauA lenkje
Rolling Stone5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg lenkje
Piero Scaruffi(7.5/10)[2]

Namnet på albumet kjem frå rommet der bandet øvde tidleg i karrieren. Frontmannen John Fogerty insisterte på å øve nesten kvar dag, og lufta var ofte så full av sigarettrøyk at trommeslagaren Doug «Cosmo» Clifford byrja å kalle staden for «fabrikken» (the factory).

I 2003 rangerte Rolling Stone Cosmo's Factory på 265. plass på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene, men på den oppdaterte lista i 2012 var ikkje albumet med i det heile.

HistorieEndra

Creedence Clearwater Revival gav ut det fjerde studioalbumet sitt, Willy and the Poor Boys, i november 1969. Kort tid etter byrja dei innspelinga av det neste albumet, Cosmo's Factory. I januar 1970 nådde den doble A-sida, «Travelin' Band»/«Who'll Stop the Rain»,[1] andreplassen på Billboard Hot 100.[3] I april gav bandet ut den neste dobbeltsida singelen, «Run Through the Jungle»/«Up Around the Bend»,[1] som nådde høvesvis fjerde- og andreplassen på Hot 100,[3] og dei la ut på den første turneen sin i Europa. Tre månader seinare, i juli, kom femtealbumet, Cosmo's Factory, ut og den niande singelen «Lookin' Out My Back Door» i lag med «Long As I Can See the Light», begge nådde andreplassen på Hot 100.[1][3]

Albumet vart ein hit verda over då det kom ut og toppa albumlistene i seks land[4][5][6][7][8][9], mellom anna i Noreg, der det låg på toppen av albumlista i heile 18 veker i strekk.

Albumet selde til gullplate (500 000 selde eksemplar) i USA den 16. desember 19790. Nesten tjue år seinare, den 13. desember 1990, fekk albumet firedobbel platina for fire millionar selde plater.[10]

Cosmo's Factory kom ut i USA på både LP og 8-sporskassett i 1970. Han kom ut på CD i 1987 og på Super Audio-CD i 2002. 40-årsjubileumsutgåva i 2008 kom med fleire bonusspor.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av J.C. Fogerty, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Ramble Tamble»   7:09
2. «Before You Accuse Me» (Ellas McDaniel) 3:24
3. «Travelin' Band‡»   2:07
4. «Ooby Dooby» (Wade Moore, Dick Penner) 2:05
5. «Lookin' Out My Back Door»   2:31
6. «Run Through the Jungle†»   3:09
Side to
# Tittel Lengd
1. «Up Around the Bend†»   2:40
2. «My Baby Left Me» (Arthur Crudup) 2:17
3. «Who'll Stop the Rain‡»   2:28
4. «I Heard It Through the Grapevine» (Norman Whitfield, Barrett Strong) 11:05
5. «Long as I Can See the Light»   3:33

Mark: Alle songar spelte inn i juni 1970, utanom † i mars 1970 og ‡ seint i 1969

Bonusspor på 40-årsjubileumsutgåva
# Tittel Lengd
1. «Travelin' Band» (nyinnspeling) 2:15
2. «Up Around the Bend» (Konsertopptak frå Amsterdam, September 10, 1971) 2:41
3. «Born on the Bayou» (Jam med Booker T. i Fantasy Studios) 5:58

MedverkandeEndra

OmtaleEndra

I filmen The Big Lebowski har Jeffrey «The Dude» Lebowski ein kassett av albumet i bilstereoen sin. I ein bilscene kan ein høyre «Run Through the Jungle», medan ein i ein scene der The Dude røyker marihuana i bilen kan høyre «Lookin' Out My Back Door». Albumet vert òg nemnt i Coen-brørne-filmen A Serious Man.

I 2003 vart albumet rangert på 265. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[11]

ListerEndra

Album
Liste (1970) Plassering
Australia (Kent Music Report)[4] 1
Canada RPM 100 Albums[5] 1
Frankrike Top Albums[6] 1
Nederland (Top 100)[12] 2
Noreg (Top 40)[7] 1
UK (The Official Charts Company)[9] 1
US Billboard 200[8] 1
US Billboard R&B-album[8] 11
Singlar
Dato Singel Plassering
Pop Singles UK Top 40
January
1970
"Travelin' Band"/
"Who'll Stop The Rain"
#2 #8
April
1970
"Up Around The Bend"/
"Run Through The Jungle"
#4 #3
July
1970
"Lookin' Out My Back Door"/
"Long As I Can See The Light"
#2 #20

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 (1991) Plateomslagstekst for Chronicle: The 20 Greatest Hits avCreedence Clearwater Revival [CD booklet]. Berkeley, California, USA: Fantasy Records (FCD-CCR2-2).
  2. Scaruffi, Piero (1999). «Creedence Clearwater Revival». pieroscaruffi.com. Henta 17. august 2013. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Creedence Clearwater Revival - Billboard Singles». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 17. august 2013. 
  4. 4,0 4,1 Kent, David. Australian Chart Book 1970-1992. ISBN 0-646-11917-6. 
  5. 5,0 5,1 «100 Albums» (PHP). RPM 14 (2). August 29, 1970. Henta 17. august 2013. 
  6. 6,0 6,1 «Le Détail des Albums de chaque Artiste» (PHP). InfoDisc (på fransk).  Look for "CREEDENCE CLEARWATER REVIVAL" under the drop-down menu.
  7. 7,0 7,1 «Album Info: Cosmo's Factory – Creedence Clearwater Revival» (PHP). VG-lista. Henta 17. august 2013. 
  8. 8,0 8,1 8,2 «Creedence Clearwater Revival - Billboard Albums». Allmusic. Rovi Corporation. Henta November 11, 2010. 
  9. 9,0 9,1 «Artist Chart History: Creedence Clearwater Revival». The Official Charts Company. Henta 17. august 2013. 
  10. "Gold & Platinum Searchable Database". (PHP). Recording Industry Association of America. Type in "Creedence Clearwater Revival" under Artist to see search results.
  11. «News». Rolling Stone. Henta 17. august 2013. 
  12. «Creedence Clearwater Revival – Cosmo's Factory (Album)» (PHP). Dutch Charts. Hung Medien. Henta 17. august 2013.