Ustj-Udinskij rajon

Ustj-Udinskij rajon (russisk Усть-Удинский район) er ein rajon (kommune) ved elva Angara i Irkutsk oblast i Sibir i Russland. Ustj-Udi ligg på høgre elvebreidd av Angara, om lag midt i Irkutsk oblast. Klimaet er kontinentalt, men ein gjennomsnittstemperatur på -3°C. Dei viktigaste næringsvegane er skogbruk og jordbruk. På grunn av dårlege vegar er det ikkje så mykje anna industri i området. Den næraste jarnbanestasjon ligg 100 km unna og til Irkusk er det 330 km etter vegen og 272 km med båt på Angara.

Ustj-Udinskij rajon
Land  Russland
Areal 20 400 km²
Folketal 13 361 (1. januar 2018)[1]
Kart
Ustj-Udinskij rajon
55°39′N 104°36′E / 55.65°N 104.6°E / 55.65; 104.6
Wikimedia Commons: Ust-Udinsky District
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «26. Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2018 года». Henta 23. januar 2019.