Utsira fyrstasjon

(Omdirigert frå Utsira fyr)

Utsira fyrstasjon er eit fyr som ligg på Utsira i Rogaland

Utsira fyrstasjon

FylkeRogaland
KommuneUtsira
FunksjonKystfyr
Oppretta1844
Koordinatar59°18.4115′N 4°52.2737′EKoordinatar: 59°18.4115′N 4°52.2737′E
Fyrtårn
Høgd13,3
FormMalmlykt på steinmur
Fyrlys
Lyskarakter3 glimt kvart 60. sekund
Lyshøgd78,2 moh.
Lysvidde10,6 nm
Status
EigarStaten ved Kystverket
Automatisert2004
Avfolka2004
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Kart
Utsira fyrstasjon
59°18′0″ N 4°52′0″ E
Utsira fyrstasjon is located in Rogaland
Plasseringa til Utsira fyrstasjon

Fyrstasjonen vart bygd 1843-1844 som eit tvillingfyr med to tårn med ein avstand på om lag 200 meter. Dette er det einaste tvillingfyret der begge tårna vart bygd innanfor same fyrområde. Tårna vart bygd i gråstein og innvendig fort med teglstein. Høgda på tårna vart avpassa slik at lyshøgda vart den same for begge to. Det eine fyret vart nedlagd i 1890 og står i dag utan lyktehus.

Det andre fyret er i dag det høgastliggande fyret i landet med ei lyshøgd på 78,2 meter over havet og sjølve tårnet er 13,3 meter høgt. I 1890 vart det sett inn eit fransk 1. ordens lynblinkapparat som framleis er i bruk.

Under andre verdskrigen vart dei opphavlege bygningane rundt fyret bombardert av engelske fly, så bygningan rundt fyret i dag er derfor bygd etter krigen. Fyret ligg i samanheng med resten av busetnaden på Utsira og det omliggande kulturlandskapet.

Fyret vart avfolka hausten 2004. Samstundes vart fyret plukka ut til eit EU-prosjekt kalla Pharos der målet var å skape interesse og forståing for gamle europeiske steinfyr som kulturminne, teknisk vedlikehald og rehabilitering, ny bruk og offentlege tilgjenge. I tillegg til Noreg var Hellas, Kypros, England og Italia med i prosjektet med kvart sitt fyr.

Utsira kommune oppretta då som mål at verksemda på Utsira fyrstasjon skal framstå som den viktigaste turistattraksjonen på Utsira.

Klima endre

Meteorologisk Institutt har ein vêrstasjonen på Utsira fyr som vore i drift 1860 og har synopnummer 01403. Stasjonen ligg 55 meter over havet.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperatur (°C) 2,3 1,7 2,7 4,6 8,3 11,4 13,0 13,6 11,7 9,3 5,9 3,9 7,4
Nedbør (mm) 104 72 82 61 63 69 72 108 138 138 142 116 1165

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre