Uzjhorod (ukrainsk Ужгород) er ein by vest i Ukraina, ved grensa til Slovakia og nær grensa til Ungarn. Han er det administrative senteret i Zakarpattja oblast (region), og i Uzjhorodskyj rajon (distrikt) i oblastet. Byen har kring 110 000 innbyggjarar.

Uzjhorod
Ужгород
by
Flagg
Våpen
Land  Ukraina
Oblast Zakarpattja oblast
Rajon Uzjhorod kommune
Høgd 169 moh.
Koordinatar 48°37′00″N 22°18′00″E / 48.61667°N 22.30000°E / 48.61667; 22.30000
Areal 31,56 km²
Folketal 116 400  (2010)
Folketettleik 3 688 / km²
Grunnlagd 800-talet
Borgarmeister Viktor Pohorielov
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 88000
Retningsnummer +380 312
Kart
Uzjhorod
48°37′26″N 22°17′42″E / 48.623888888889°N 22.295°E / 48.623888888889; 22.295
Wikimedia Commons: Uzhhorod
Nettstad: https://rada-uzhgorod.gov.ua

Byen har eit stort og viktig universitet, ein Škoda-fabrikk og eit slott. Sidan byen ligg nokre kilometer frå den slovakiske og ungarske grensa er han eit populært turistmål.

Den største folkegruppa i Uzjhorod er hovudsakleg ukrainarar, men det er òg mange etniske ungararar i byen. Ungarsk blir difor ofte brukt. Uzjhorod har ungarsk konsulat.

Før første verdskrigen tilhøyrde Uzjhorod den ungarske delen av Austerrike-Ungarn. I mellomkrigstida tilhøyrde byen Tsjekkoslovakia. Ein kort periode var byen hovudstaden i Den ukrainske karpatske republikken, som vart leia av den lokale ukrainsk presten Avhustyn Volosjin. Etter Sovjetunionen sigra i andre verdskrigen tok Stalin området frå Tsjekkoslovakia og sameinte det med resten av Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken.

Klima endre

Uzjhorod har eit fuktig kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering: Dfb), nær grensa til maritimt klima (Cfb) med kjølige til kalde vintrar og varme somrar. Januar er den kaldaste månaden med ein middeltemperatur på -1,7 °С medan den varmaste er juli med ein middeltemperatur på 20,9 °С. Den lågaste temperaturen som er målt er -28,2 °С og den høgaste temperaturen er 38,6 °С. Middelnedbøren er 748 mm i året, som er jamt fordelt utover året, sjølv om det kjem mest nedbør om sommaren.[1] I snitt får Uzjhorod 1950 soltimar i året.[2]

Vêrdata for Uzjhorod
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 13,3 17,2 25,4 28,6 31,4 34,1 38,6 36,5 34,4 26,1 21,1 15,6 38,6
Gjennomsnittleg maks °C 1,3 3,7 9,8 16,7 22 24,6 26,9 26,6 21,2 15,4 8,2 2,7 14,9
Døgnmiddeltemperatur °C −1,7 −0,1 5 11 16,1 18,8 20,9 20,3 15,5 10,3 4,7 −0,2 10,1
Gjennomsnittleg min °C −4,8 −3,7 0,6 5,5 10,4 13,1 15 14,5 10,3 5,7 1,4 −3 5,4
Lågast målte °C −28,2 −26,3 −17,5 −6,2 −0,9 1,5 5,4 4,4 −2,2 −9,3 −21,8 −24,7 −28,2
Gjennomsnittleg nedbør mm 53 50 43 49 74 76 78 73 73 54 57 68 748
Gns. dagar med regn 11 10 12 15 16 16 15 13 13 13 14 13 161
Gns. solskinstimar i månaden 58,9 87,6 142,6 189 244,9 249 272,8 254,2 192 151,9 63 46,5 1 952,4
Kjelde: pogoda.ru.net[1]Hong Kong Observatory[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Pogoda.ru.net». Weather and Climate for Uzjhorod (på russisk). Henta April 26,2012. 
  2. 2,0 2,1 Climatological Information for Uzjhorod i Ukraina Arkivert 2014-09-10 ved Wayback Machine. - Hong Kong Observatory, accessed 29. september 2012

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Uzjhorod