Vårkål
Vårkål
Vårkål
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Ranunculales
Familie: Soleiefamilien Ranunculaceae
Underfamilie: Ranunculoideae
Stamme: Ranunculeae
Slekt: Ficaria
Art: Vårkål F. verna
Vitskapleg namn
Ficaria verna

Vårkål (Ranunculus ficaria) er ein vårblome i soleiefamilien. Planten har gule blome med mange kronblad, som viser seg i mars-april i Noreg. Blada er heile. Dette skil planten frå dei andre artane i soleiefamilien.

Namnet vårkål kjem frå tidlegare tider, då planten blei brukt som grønsak om våren. Dei mørkegrøne blada inneheld mykje C-vitamin, og var eit viktig kosttilskot på ei tid då ein lett mangla dette. I store mengder er derimot vårkål giftig.

Planten veks i heile Europa og Vest-Asia, og er blitt introdusert til Nord-Amerika.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vårkål
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.