Meteorologisk satellitt

(Omdirigert frå Vêrsatellitt)

Ein meteorologiske satellitt eller vêrsatellitt er jordobservasjonssatellittar utstyrt med instrument for innsamling og overføring av meteorologiske data for vêrvarsling og/eller forsking. Nokre kan dessuten ta imot og vidareformidle data frå ubemanna meteorologiske stasjonar på bakken, bøyer eller frittflygande ballongar. Meteorologiske satellittar vert vanlegvis nytta i geostasjonære banar eller solsynkrone banar. Av viktige observasjonar finst skydekkebilete for dag og natt, temperaturmålingar frå landjorda og havoverflata, temperatur- og vassdampprofilar i atmosfæren, karbondioksid- og ozoninnhald, samt opplysningar om vind og nedbør.

GOES-8, ein amerikansk vêrsatellitt.
Det første fjensynsbiletet av jorda frå verdsrommet, teken av Tiros 1.

Den første eksperimentelle meteorologiske satellitt var NASA sin Tiros 1, som vart skoten opp 1. april 1960, medan den første operative satellitten var ESSA 1, skoten opp 3. februar 1966.

Nokre vêrsatellittar

endre

Kjelder

endre

«værsatellitt» av Erik Tandberg i Store norske leksikon, snl.no.