Völkischer Beobachter
Völkischer Beobachter (tysk: «Folkets Observatør») var ei tysk dagsavis tufta i 1887. Avisa vart utgjeve av det nazistiske partiet NSDAP frå 1920-talet og fram til Berlins fall i 1945, og fungerte i denne perioden som hovudorgan for den nasjonalsosialistiske rørsla i Tyskland. Avisa byrja som ei vekeavis i München, og då ho vart kjøpt opp av Adolf Hitler i 1923 hadde avisa ein tydeleg antisemittisk profil og eit opplag på kring 7000. Etter oppkjøpet vart avisa nytta som propagandakanal for NSDAP, og i 1941 passerte Völkischer Beobachter eit opplag på 1,1 millionar. Hitler var sjølv ansvarleg utgjevar frå 1925 til 1933.
Völkischer Beobachter | |||
Eit reklameskilt for Volkischer Beobachter. | |||
Land | Det tyske riket | ||
---|---|---|---|
Type | Periodikum, avis | ||
Grunnlagd | 1919'"`Uniq--ref-00000000-qinu`"' | ||
Nedlagd | 30. april 1945 | ||
Eigarar | NSDAP | ||
Språk | Tysk | ||
Hovudkvarter | München |
Det antisemittiske innhaldet i avisa, saman med stendige åtak på regjeringa sin politikk og offentlege tenestemenn, førte til at styresmaktene i den demokratiske Weimarrepublikken stogga utgjevinga av avisa tre gongar tidleg på 1920-talet. Etter den tredje stoggen heldt ho fram som vekeavis i 1925, men etter berre ein månad i ny sirkulasjon gjekk bladet over til å bli dagsavis. Etter oppkjøpet i 1923 gjorde Hitler Nazi-ideologen Alfred Rosenberg til sjefredaktør, ei stilling han kom til å sitje i fram til 1938. Rosenberg heldt på den antisemittiske linja i avisa, og gjorde samstundes avisa til eit organ for propagandaminister Joseph Goebbels og Hitler.
Avisa lanserte spesielle utgåver for Berlin og Sør-Tyskland i 1930, og etter Anschluss kom avisa også med ei eiga Wien-utgåve. I 1933 flytta Völkischer Beobachter inn i nye avislokalar i Berlin med tilhøyrande trykkjeri.
Utanrikskorrespondentar og diplomatar følgde gjerne med på det som stod i avisa for å finne teikn på endringar i politikken og propagandamåla til dei nazistiske makthavarane. Völkischer Beobachter gjekk inn 27. april 1945.[2]
Kjelder
endre- «Völkischer Beobachter», Encyclopædia Britannica, 2016. Henta 10. januar 2020.
- Völkischer Beobachter. (2012, 30. mai). I Store norske leksikon. Henta 10. januar 2020 frå https://snl.no/V%C3%B6lkischer_Beobachter
- Fotnotar
- ↑ https://data.bnf.fr/fr/32892032/volkischer_beobachter/.
- ↑ Jan Jakob Floryan: Völkischer Beobachter i Den Store Danske, Gyldendal. Henta 10. januar 2020 frå http://denstoredanske.dk/index.php?sideId=181624