Dei russiske flyborne styrkane
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Dei russiske luftlandestyrkane (russisk: Vozdusjno-desantnyje vojska, VDV) eller "Dei russiske flyborne styrkane" er ei eiga forsvars- og våpengrein direkte underlagt Forsvarsdepartementet i Russland til liks med Dei strategiske rakettstyrkane.
Då desse styrkane var sett opp på 1920-talet, etter lang tids eksperiment med fallskjermar og verknader av tyngdekrafta, var dette verdas fyrste luftborne styrkar. På 1980-talet var VDV òg verdas største med sine sju divisjonar og 12 brigadar, men den gongen underlagd Sovjetunionen. I fredstid er det lett å sjå skilnaden mellom VDV og dei andre i Russland, fordi dei har lyseblå beret og blåstripa T-sjorte (telnjasjka) og blir kalla «desant» (frå fransk decente).[1]
Kvar divisjon hadde i 2017 berre to manøverregiment og 5-6000 soldatar med lette stormpanservogner og lett artilleri. Styrken til VDV er difor ikkje slagkraft, men operasjonell og strategisk mobilitet knytt til god fallskjermtrening og tilgång til transportfly i Transportflyvåpenet i Russland (VTA). Dette gjer at dei kan deployerast overalt innan rekkjevidde for flya på kort tid. Etter landing vil dei vera avhengige av snøgg link-up med hæren sine manøverelement og militær logistikk.
Samansetjing
endreLuftlande-divisjonar er ei fellesnemning for to typar manøverelement - Fallskjermlande og Stormlande. Ein divisjon som har begge desse elementa vil derfor kallast luftlandedivisjon.
Fallskjermlande-element (russisk: Parasjiotno-desantnyj)
Desse kan landa mesteparten av styrken med fallskjerm, både soldatar og viktig stridsmateriell. Dei er difor ikkje avhengige av flyplass i nærleiken av operasjonsomådet.
Stormlande-element (russisk: Desantno-sjturmovoj)
Desse må landa mesteparten av både soldatar og stridsmateriell på flyplassar i nærleiken av operasjonsområdet.
Divisjonar
endre7. stormlande-divisjon (berg) i Novorossijsk[2]
76. stormlande-divisjon i Pskov
98. luftlandedivisjon i Ivanovo
106. luftlandedivisjon i Tula
Brigader
endre11. luftlandebrigade i Ulan Ude
83. luftlandebrigade i Ussurijsk
31. stormlandebrigade i Uljanovsk
56. stormlandebrigade i Kamysjin
45. VDV-spetsnaz-brigade i Kubinka
Materiell
endreMateriellet innan VDV er lett og spesiallaga for fallskjermsdropp. Stormpanservognane kallast gjerne BMD (russisk: Bojevaja masjina desantnykh) som tyder "stridskjøyretøy for luftlandestryker".
Referansar
endre- ↑ «Воздушно-десантные войска» Сайт Министерства обороны Российской Федерации
- ↑ Юрий Гаврилов. (9. oktober 2013). «Десанту прибавят силы». Российская газета. Henta 16. mars 2014.