Karl Johan Valdemar Rautio (4. januar 19215. september 1973) var ein finsk friidrettsutøvar frå Vaasa som vart europameister i tresteghopp i 1946.

Valdemar Rautio
Statsborgarskap Finland
Fødd 4. januar 1921
Vasa
Død

5. september 1973 (52 år)
Nurmijärvi

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1948

Rautio gjorde sitt livs lengste tresteghopp på 15,48 m i året 1945. I 1946 vann han trestegtevlinga under EM i friidrett 1946 i Oslo med eit hopp på 15,17 meter, to centimeter lengre enn Bertil Johnsson og 21 centimeter framom Arne Åhman, begge frå Sverige. Vinnarhoppet var det lengste i verda i 1946-sesongen. To år seinare, då Arne Åhman vart olympisk meister i tresteghopp under Sommar-OL 1948 i London, enda Rautio som sjettemann med sine 14,70 meter.

I Brussel under europameisterskapen 1950 vann Leonid Sjtsjerbakov trestegøvinga med 15,39 meter, Rautio tok sølvmedaljen med 14,96 meter som best. Under Sommar-OL 1952 heime i Finland hopp Rautio ikkje lengre enn 14,14 meter i kvalifiseringa, langt unna finaleplass.

Rautio, som vart finsk meister i tresteghopp i 1944, 1946, 1947 og 1950, døydde 52 år gammal i Nurmijärvi.

Kjelder endre