Valjok kyrkje
Valjok kyrkje står i grenda Váljohka ved Tanaelva, nordaust i Karasjok kommune i Finnmark fylke, og er ei tømra langkyrkje frå 1932.[1]
Valjok kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
Prosti | Indre Finnmark | ||
Sokn | Karasjok | ||
Fellesråd | Karasjok | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Harald Sund | ||
Teknikk | Laft og bindingsverk | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1932 | ||
Sitjeplassar | 60 | ||
Valjok kyrkje 69°41′31″N 25°55′54″E / 69.69194°N 25.93166°E |
Kyrkja hadde tidlegare status som kapell. Det vesle bygget vart ført opp i åra 1931–32 etter teikningar laga av arkitekt Harald Sund og har sitjeplassar til 60 personar.[1] John Isaksen frå Karasjok var byggmeister. [2] Fargevala og utsmykkingane inni kyrkja er udulgd samiske, noko som elles er ukjend i norske kyrkjer før bygg frå heilt ny tid. [3]
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Valjok kapell». Arkitetkturguide Nord-Norge og Svalbard på nettstaden til Universitet i Tromsø. Vitja 3. januar 2009
- ↑ «Valjok kapell». Arkitetkturguide Nord-Norge og Svalbard på nettstaden til Universitet i Tromsø. Henta 3. januar 2009.
- ↑ «Valjok kapell». Arkitetkturguide Nord-Norge og Svalbard på nettstaden til Universitet i Tromsø. Henta 3. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
endre- «Valjok kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Om Karasjok sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker - Finnmark» på nettstaden til Arkivverket Arkivert 2009-05-05 ved Wayback Machine.
- Valjok kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren