Vanda-elva

(Omdirigert frå Vanda å)

Vanda-elva (svensk Vanda å, finsk Vantaanjoki) er ei elv i Södra Finlands län. Ho blei tidlegare kalla Helsingeån, etter Helsinge sokn. Vanda er ein by i landskapet Nyland.

Vanda, Vantaa
elv
Vantaanjoki Arto Alanenpää canon.jpg
Vanda å, hausten 2007
Land Flag of Finland.svg Finland
Lengd 101 km
Middelvassføring 15 5 /s
Kjelde Erkylänjärvi i Hausjärvi
Munning Finskebukta ved Helsingfors

Vanda-elva
60°13′0″ N 24°58′0″ E
Wikimedia Commons: Vantaanjoki

Vanda-elva har kjelde i Hausjärvi ved Salpausselkäåsen og munnar ut i Gammelstadsfjärden i Helsingfors. Elva er 101 kilometer lang og nedslagsfeltet dekker 1685 km² i kommunane Helsingfors, Vanda, Tusby, Nurmijärvi, Hyvinge, Riihimäki, Hausjärvi, Loppis, Mäntsälä, Vichtis, Träskända, Kervo, Sibbo og Esbo. Viktige sideelvar er Palojoki frå venstre, Luhtabackaån frå høgre, Tusby å frå venstre og Kervo å frå venstre.

Gammelstadfossen i Vanda å.

Fossar mellan Vanda og Helsingfors er Långfossen, Nackbölefossen og Grotens fors. I Helsigfors ligg Lillfossen og Gammelstadfossen. Sistnemnde har gjeve nammn til byen Helsingfors. I Vanda ligg Vandafossen. Fossar i Hyvinge er Vanhanmyllynkoski, Vakkurinkoski, Koskipirtinvirta, Åvikinkoski og Kittelänkosket.

Vanda-elva blei tidlegare brukt som drikkevasstilførsel i hovudstadsregionen i Finland fram til 1982, då ein tok i bruk Päijännetunnelen. Ein kan framleis bruka elvevatnet ved reparsjonsarbeid i tunnellen. På 1700-talet låg det flere sagbruk langs elva. Frå 1960-åra byrja ein setja ut fisk i elva, og i 1984 blei det bygd ei laksetrapp her. Ho er no mykje brukt av fritidsfiskarar.

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra