Varbergs kommun
Varbergs kommun er ein kommune i Hallands län i Sverige som ligg ved Kattegat. Kommunen grensar i Hallands län til Kungsbacka kommun i nord og Falkenbergs kommun i sør. Han grensar også til Marks kommun i Västra Götalands län i nord og Gislaveds kommun i Jönköpings län i nordaust. Administrasjonssenteret i kommunen er Varberg.
Varbergs kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Hallands län | ||
Landskap | Halland og Västergötland | ||
Del av | Halland, Q61552287 | ||
Centralort | Varberg | ||
Areal | 914 km² | ||
• land | 874 km² | ||
• vatn | 40 km² | ||
Folketal | 56 673 | ||
Folketettleik | 62 / km² | ||
Varbergs kommun 57°06′N 12°15′E / 57.1°N 12.25°E | |||
Kart som viser Varbergs kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Varberg Municipality | |||
Nettstad: www.varberg.se |
Varberg er ein kystkommune med kupert innland. I sør er kystlandskapet flatt, og i nord er det skjergardslandskap. Kommunen har eit variert næringsliv med ein stor tenestesektor, men også med ein relativt stor del produksjonsindustri. Kommunesenteret Varberg har ei større hamn. 2 mil nord for byen finn ein Ringhals kärnkraftverk som er det største kraftverket i Norden. I Bockstens mosse ved garden Bocksten i Varberg fann ein Bockstensmannen.
Administrativ historikk
endreInnanfor det noverande området som utgjer kommunen, fanst det i 1863, då dei svenske kommunalforordningane tredde i kraft, 24 landskommunar, samt Varbergs stad. Dette heldt fram slik til den riksomfattande kommunereforma i 1952, då dei vart grupperte i desse storkommunane: Himledalen (av kommunane Grimeton, Gödestad, Hunnestad, Nösslinge, Rolfstorp, Skällinge), Tvååker (av Dagsås, Spannarp, Sibbarp, Tvååker), Lindberga (av Lindberg, Stamnared, Torpa, Valinge), Veddige (av Sällstorp, Veddige og Ås), Värö (av Stråvalla og Värö) samt, i Älvsborgs län, Kungsäter (av Gunnarsjö, Grimmared, Karl Gustav og Kungsäter). Det vart ikkje gjort endringar i Varbergs stad og Träslöv den gongen, men i 1967 vart Träslöv innlemma i byen.
1. januar 1971 vart det innført einskapleg kommunetype, og Varbergs kommun vart oppretta. Samtidig vart også dei andre einingane innlemma i den nye kommunen, noko som for Kungsäter sin del medførte lensbyte, frå Älvsborgs län til Hallands län.
Kommunevåpenet
endreBlasonering: På sølvfarga bakgrunn, ei grøn eik frå eit grønt fjell, med eit raudt tårn med topp til høgre, og til venstre ein oppreist raud- og gullfarga bukk.[1]
Våpenbiletet kan førast tilbake til eit bysegl frå 1536, og våpenet vart teke i bruk for byen i 1938. Etter kommunesamanslåinga i 1971 kom ein fram til at våpenet passa for heile kommunen, og fekk det registrert hjå Patent- och registreringsverket i 1974. Også Lindberga hadde eit våpen, som var frå 1950-talet.
Tettstader
endreDet er 16 tettstader i Varbergs kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
Nr. | Tettstad | Folketal |
---|---|---|
1. | Varberg | 26 041 |
2. | Tvååker | 2 390 |
3. | Veddige | 2 192 |
4. | Träslövsläge | 1 985 |
5. | Bua | 1 792 |
6. | Trönninge | 847 |
7. | Skällinge | 603 |
8. | Södra Näs | 600 |
9. | Väröbacka | 521 |
10. | Rolfstorp | 502 |
11. | Tångaberg | 445 |
12. | Åsby | 429 |
13. | Kungsäter | 360 |
14. | Tofta | 350 |
15. | Himle | 259 |
16. | Löftaskog | 226 |
Kjelder
endre- «Varbergs kommun» på Wikipedia på svensk, innhenta 5. mars 2010.
- «Varberg – kommune» hjå Store norske leksikon, innhenta 5. mars 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).
Referansar
endre- ↑ «I fält av silver en från ett grönt treberg uppväxande grön ek, åtföjd till höger av ett på berget stående, rött torn med huv, till vänster av en likaledes på berget stående upprest, röd bock med beväring av guld».