Vatnahalsen haldeplass

Vatnahalsen haldeplass ligg ved Vatnahalsen Høyfjellshotell i Aurland kommune og er ein haldeplass på Flåmsbana. Haldeplassen vart opna i 1941 då Flåmsbana opna for persontrafikk i noko mon.[1] I tillegg til reisande til hotellet vert haldeplassen også nytta av folk som har hytter i området. Haldeplassen ligg på 811 moh. og er den fyrste haldeplassen på Flåmsbana etter Myrdal stasjon. Køyreavstanden frå Myrdal er 1,13 kilometer medan det er 19,07 kilometer til Flåm stasjon.[2] Neste haldeplassen på veg mot Flåm er Reinunga.

Vatnahalsen haldeplass

Vatnahalsen
Foto: Jun Kwang Han
Stasjonsområde
Stad Vatnahalsen
Koordinatar 60°44′36″N 7°7′53″E / 60.74333°N 7.13139°E / 60.74333; 7.13139
Distanse 336,93 km frå Oslo
Høgd 811,3 moh.
Opna 1941
Linjer og rutedrift
Linje(r) Flåmsbana
Overgang
Kart
Vatnahalsen haldeplass
Tog ved Vatnahalsen haldeplass.
Foto: Jun Kwang Han
Teiknforklaring
0,00 km Flåm 2 moh
1,60 km Lunden 16 moh
2,99 km Håreina 48 moh
6,30 km Dalsbotn 200 moh
9,69 km Berekvam 343 moh
11,80 km Blomheller 458 moh
15,80 km Kjosfossen 670 moh
18,00 km Reinunga 767 moh
19,07 km Vatnahalsen 811 moh
20,20 km Myrdal 866 moh
Bergensbanen


Fotnotar

endre

Bakgrunnsstoff

endre