Reinunga haldeplass

Reinunga haldeplass ligg i nærleiken av der Kjosfossen stuper ned i Flåmsdalen frå Reinungavatnet i Aurland kommune, og er ein haldeplass på Flåmsbana. Haldeplassen vart opna i 1942 då det vart starta ordinær persontrafikk på bana.[1] Det er ein del hytter ved Reinungavatnet, og reisande til og frå dei har nytte av haldeplassen. Reinunga ligg på 767 moh, 2,20 kilometers køyring frå Myrdal stasjon og 18,00 kilometer frå Flåm stasjon.[2] Som reisande frå Myrdal er Vatnahalsen haldeplass førre stasjon og Kjosfossen haldeplass neste. I luftline ligg haldeplassen berre vel 400 meter frå Kjosfossen haldeplass, men køyrelengda mellom dei to er 2,20 kilometer for å klare høgdeforskjelen på 97 meter.

Reinunga haldeplass

Flåmsbana 1.jpg

Stasjonsområde
Stad Reinunga
Koordinatar 60°44′38″N 7°8′20″EKoordinatar: 60°44′38″N 7°8′20″E
Distanse 338,00 km. frå Oslo
Høgd 767,0 moh.
Opna 1942
Linjer og rutedrift
Linje(r) Flåmsbana
Overgang
Reinunga haldeplass
Sporet går i ei stor u-forma slynge mellom Vatnahalsen haldeplass og Reinunga.
Skinnegangen i nærleiken av Reinunga haldeplass. I bakgrunnen ser ein hytter ved Reinungavatnet og demninga i enden av vatnet.
Foto: Jun Kwang Han

Haldeplassen heitte fram til 1977 Kjosfoss, men namnet vart då bytt til Reinunga samstundes med at neste haldeplass mot Flåm bytte namn frå Kjosfossen kraftstasjon til Kjosfossen.[3]

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra

Teiknforklaring
  0,00 km Flåm 2 moh
  1,60 km Lunden 16 moh
  2,99 km Håreina 48 moh
  6,30 km Dalsbotn 200 moh
  9,69 km Berekvam 343 moh
  11,80 km Blomheller 458 moh
  15,80 km Kjosfossen 670 moh
  18,00 km Reinunga 767 moh
  19,07 km Vatnahalsen 811 moh
  20,20 km Myrdal 866 moh
  Bergensbanen