Flåm stasjon

Flåm stasjon er endestasjonen på Flåmsbana og ligg på Fretheim i Flåm inst i Aurlandsfjorden. Stasjonen, og bana, opna i 1940. Ny stasjonsbygning vart opna i 1992.

Flåm stasjon
Flåm train station.jpg
Flåm stasjon
Foto: Michael Vokabre
Stasjonsområde
Stad Flåm
Koordinatar 60°51′46″N 7°6′47″EKoordinatar: 60°51′46″N 7°6′47″E
Distanse 356 km. frå Oslo
Høgd 2,0 moh.
Opna 1940
Linjer og rutedrift
Linje(r) Flåmsbana
Overgang
Buss Aurlandsvangen, Lærdalsøyri, Gudvangen
Flåm stasjon

Flåm stasjon ligg 356 km frå Oslo (om Roa) og 20,2 km. frå Myrdal stasjon. Stasjonen ligg på 2 moh. medan øvste stasjon på bana, Myrdal stasjon, ligg på 866 moh.[1]

Den gamle jernbanestasjonen huser no Flåmsbanemuseet.
Foto: Sean Hayford O'Leary
Flåm stasjon sett frå Europaveg 16.
Foto: Michael Vokabre

I den gamle stasjonsbygningen ligg Flåmsbanemuseet. I tilknyting til stasjonområdet ligg Flåm cruiseskiphamn og ferjekai, og Europaveg 16 går ikkje langt unna. Frå kaien går det ferje i heilårsrute til Gudvangen inst i Nærøyfjorden og om sommaren går det snøggbåt til Balestrand og Bergen. Ved stasjonsområdet ligg det også busshaldeplass for bussane til Fjord1 og Norway bussekspress. I området nær stasjonen ligg Fretheim hotel, Flåmsbrygga hotel, pensjonat, campingplass, vandrarheim, hytteutleige, daglegvarebutikk, postkontor, panoramakino, souvenibutikkar og serveringsstader.

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra

Teiknforklaring
  0,00 km Flåm 2 moh
  1,60 km Lunden 16 moh
  2,99 km Håreina 48 moh
  6,30 km Dalsbotn 200 moh
  9,69 km Berekvam 343 moh
  11,80 km Blomheller 458 moh
  15,80 km Kjosfossen 670 moh
  18,00 km Reinunga 767 moh
  19,07 km Vatnahalsen 811 moh
  20,20 km Myrdal 866 moh
  Bergensbanen