Venio Losert (fødd 25. juli 1976) er ein kroatisk tidlegare handballspelar frå Zavidovići. Han vart olympisk meister med Kroatia sitt landslag både under sommarleikane 1996 i Atlanta og 2004 i Athen. Han var målvakt.

Venio Losert


Statsborgarskap Kroatia
Fødd 25. juli 1976 (48 år)
Zavidovići
Idrett handball
Tok del i Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996

Karriere

endre

Landslagsspel

endre

19 år gammal var Losert med då Kroatia i 1995 nådde finalen i verdsmeisterskapen på Island. Året etter sigra han og laget i handballturneringa ved dei olympiske leikane i Atlanta. Åtte år seinare vann han eit nytt OL-gull i Athen, Sidan var Losert med på å ta VM-sølv i 2005 og 2009, og OL-bronse i 2012. I tida frå 1995 til 2014 deltok han i 221 landskampar.

Klubbspel

endre

Losert spelte på RK Zagreb då laget vann den kroatiske seriemeisterskapen og cupmeisterskapen åra frå 1994 til 1999. Perioden 1995-99 tok laget seg fire gongar til finalen i meisterligaen, alle enda med tap. Frå 1999 til 2009 var han aktiv i den spanske handballserien, fordelt på seks ulike lag. Lengst tid hadde han i Granollers, 2001-04, og i FC Barcelona, 2006-09. Størst suksess fekk han med Portland San Antonio der han vart seriemeister i 2005, og i Barcelona der han vann kongepokalen i 2007 og 2009. Frå desember 2009 gjorde Losert etter tur teneste i franske Créteil, spanske Ademar León og danske Kolding IF. I november 2012 flytta han til polske KS Kielce. Med Kielce vann han den polske serien og cupen i såvel 2013 som i 2014.

Merittar

endre

Kjelder

endre