Venstre i Danmark
Venstre er eit politisk parti i Danmark. Partiet kallar seg òg Danmarks Liberale Parti. Det er eitt av to danske parti som er medlemer i Den liberale internasjonale. Det andre er Radikale Venstre, som oppstod som eit utbrytarparti frå Venstre i 1905. Det norske Venstre reknar Radikale Venstre som sitt danske systerparti, medan det danske Venstre ofte vert samanlikna med Høgre i Noreg.
Venstre i Danmark | |
![]() | |
Land | Danmark |
---|---|
Partileiar(ar) | Jakob Ellemann-Jensen |
Grunnlagt | 1870 |
Hovudkvarter | Søllerød |
Medlemstal | 30 791 (2020)[1] |
Ideologi | konservativ liberalisme, klassisk liberalisme, agrarpartier ![]() |
Politisk posisjon | sentrum-høgre |
Venstre vart det største partiet i Danmark ved sist folketingsval, i 2011, med 26,7 % av røystene, og 47 av 179 mandat i Folketinget. Det har sete i regjering sidan 27. november 2001, i koalisjon med Det Konservative Folkeparti.
Partiet si ungdomsrørsle heiter Venstres Ungdom.
Historie Endra
Venstre vart stifta i 1870 ved ei samling av forskjellige grupper som i samtida vart sedde som venstreorienterte, under namnet «Det forenede Venstre». Det første partiprogrammet kom i 1870. På den tida var Venstre i opposisjon til godseigarane og De Nationalliberale. Venstre sine motstandarar, som støtta kongemakta, vart seinare til Højre (avløyst av Det Konservative Folkeparti).
I 1905 braut Det Radikale Venstre ut av Venstre etter indre stridar. Venstre har etter dette vorte rekna som eit borgarleg parti grunna sin økonomiske politikk og det liberalistiske prinsipprogrammet. Det har bore namnet «Venstre» sidan 1910]
Statsministrar frå Venstre Endra
Venstre har hatt 10 statsministrar. Anders Fogh Rasmussen er den einaste i nyare tid som har blitt attvald.
- Johan Henrik Deuntzer, (Reformvenstre) 1901-1905
- J. C. Christensen, (Reformvenstre) 1905-1908
- Niels Neergaard, (Moderat) 1908-1909, 1920-1924
- Ludvig Holstein-Ledreborg, 1909
- Klaus Berntsen, (Moderat)1910-1913
- Thomas Madsen-Mygdal, 1926-1929
- Knud Kristensen, 1945-1947
- Erik Eriksen, 1950-1953
- Poul Hartling, 1973-1975
- Anders Fogh Rasmussen, 2001-
Partileiarar Endra
- Thomas Madsen-Mygdal - 1929-1941 (død 1943)
- Knud Kristensen - 1941-1949 (død 1962)
- Edvard Sørensen - 1949-1950 (død 1954)
- Erik Eriksen - 1950-1965 (død 1972)
- Poul Hartling - 1965-1977 (død 2000)
- Henning Christophersen - 1977-1984
- Uffe Ellemann-Jensen - 1984-1998
- Anders Fogh Rasmussen - 1998-
Valresultat for Venstre Endra
Val til Folketinget 1960-2011
Kjelder EndraBakgrunnsstoff Endra |