Verdsorganisasjonen for helse
Treng oppdatering (2023) |
Verdsorganisasjonen for helse (engelsk World Health Organization – WHO, fransk Organisation mondiale de la santé – OMS) er eit av dei spesialiserte organa til Dei sameinte nasjonane. På norsk blir ofte den engelske forkortinga WHO nytta.
Verdsorganisasjonen for helse | |||
North and west side of the WHO headquarters in Geneva | |||
Skipa | 7. april 1948 | ||
---|---|---|---|
Morselskap | Dei sameinte nasjonane | ||
Hovudkontor | Genève[1] | ||
Land | Sveits,[2] Filippinane, Egypt, USA, Danmark, India, Kongo-Brazzaville | ||
Nettstad | https://www.who.int (engelsk) |
Organisasjonen har 192 medlemsland (2006). Dette inkluderer alle medlemslanda i SN, med unnatak av Liechtenstein. Hovudsetet ligg i Genève i Sveits.
Formål
endreFormålet til Verdsorganisasjonen for helse er å arbeide for at alle folk skal ha så god helse som mogleg. Helse blir i denne samanhengen definert som ein tilstand av full fysisk, mental og sosial velvære, ikkje berre fråvær av sjukdom eller svakheit.
Arbeidsområda til WHO spenner frå å kjempe mot infeksjonssjukdommar til kampanjar for å auke inntaket av grønsaker og mot bruk av tobakk. WHO forskar dessutan mykje på helseverknader.
Historie
endreOrganisasjonen vart oppretta 7. april 1948. Han tok da over store delar av mandatet og ressursane til Helseorganisasjonen (engelsk Health Organization), som hadde vore eit organ under Folkeforbundet.
Generaldirektørar
endreSidan starten har det vore seks ulike generaldirektørar i WHO. Den tidlegare norske statsministeren Gro Harlem Brundtland var generaldirektør i perioden mellom 1998 og 2003.[3]
Namn | Land | Tidsperiode |
---|---|---|
Margaret Chan | Hong Kong | 2006– (framleis) |
Anders Nordström | Sverige | 2006– (fungerande etter dødsfallet til Lee Jong-wook) |
Lee Jong-wook | Sør-Korea | 2003–2006 |
Gro Harlem Brundtland | Noreg | 1998–2003 |
Hiroshi Nakajima | Japan | 1988–1998 |
Halfdan T. Mahler | Danmark | 1973–1988 |
Marcolino Gomes Candau | Brasil | 1953–1973 |
Brock Chisholm | Canada | 1948–1953 |
Kjelder
endre- ↑ «Contact the World Health Organization» (på engelsk). Henta 27. juli 2024.
- ↑ http://www.unbrussels.org/world-health-organization-who/.
- ↑ «Former Directors-General». Verdsorganisasjonen for helse. Henta 18. februar 2023.