Verdscupen i langrenn 1989/Menn

Verdscupen i langrenn for menn i 1989-sesongen omfatta 12 individuelle tevlingar og 5 stafettar. Tevlingane tok til 10. desember 1988 og vart avslutta 12. mars 1989. Dei 12 individuelle renna bestod av seks tevlingar over 15 kilometer, fire over 30 km og to 50-kilometerar. Renna fann stad i Ramsau am Dachstein (2) i Austerrike, Bohinj i Jugoslavia, Val di Sole i Italia, Kavgolovo (2) i Sovjetunionen, Nové Město na Moravě (2) i Tsjekkoslovakia, Lahti (5) i Finland, Oslo (2) i Noreg og Falun (2) i Sverige.

Gunde Svan frå Sverige vann sin femte FIS-pokal. Norske Vegard Ulvang kom på andreplass og svenske Torgny Mogren vart tredjemann i turneringa. Svan sigra i seks av dei tolv individulle tevlingane. Ulvang vann to enkelttevlingar, medan Mogren, Vladimir Smirnov frå Sovjetunionen, Harri Kirvesniemi frå Finland og Lars Håland frå Sverige vann kvar si individuelle tevling.

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng
1 Gunde Svan   Sverige 170
2 Vegard Ulvang   Noreg 154
3 Torgny Mogren   Sverige 140
4 Pål Gunnar Mikkelsplass   Noreg 134
5 Vladimir Smirnov   Sovjetunionen 74
6 Lars Håland   Sverige 67
7 Holger Bauroth   Aust-Tyskland 57
8 Christer Majbäck   Sverige 46
9 Uwe Bellmann   Aust-Tyskland 44
10 Aleksej Prokurorov   Sovjetunionen 43
11 Terje Langli   Noreg 43
12 Harri Kirvesniemi   Finland 39
13 Thomas Eriksson   Sverige 39
14 Bjørn Dæhlie   Noreg 36
15 Vladimir Sakhnov   Sovjetunionen 33
16 Giachem Guidon   Sveits 30
17 Jan Ottosson   Sverige 27
18 Igor Badamsjin   Sovjetunionen 25
19 Václav Korunka   Tsjekkoslovakia 25
20 Henrik Forsberg   Sverige 24
21 Jochen Behle   Vest-Tyskland 21
22 Kari Ristanen   Finland 19
23 Martin Petrásek   Tsjekkoslovakia 18
24 Radim Nyč   Tsjekkoslovakia 18
25 Pavel Benc   Tsjekkoslovakia 17

Kjelder

endre