Verdscupen i langrenn 1991/Menn

Verdscupen i langrenn for menn i 1991-sesongen omfatta 12 individuelle tevlingar og 5 stafettar. Tevlingane tok til 9. desember 1990 og vart avslutta 16. mars 1991. Dei 12 individuelle renna bestod av ei tevling over 10 kilometer, tre tevlingar over 15 km, ei over 25 km, fem tremiler og to femmiler. Renna fann stad i Bad Mitterndorf i Austerrike, Davos (2) i Sveits, Hauteluce (2) i Frankrike, Minsk (2) i Sovjetunionen, Štrbské Pleso i Tsjekkoslovakia, Val di Fiemme (5) i Italia, Lahti (2) i Finland, Falun i Sverige og Oslo i Noreg.

Sovjetunionens Vladimir Smirnov vann FIS-pokalen framom Torgny Mogren frå Sverige. Smirnov var bestemann i tre av dei individuelle tevlingane. Mogren var best i to enkeltrenn, det same var tredjemann i turneringa, norske Bjørn Dæhlie. Svenskane Gunde Svan og Henrik Forsberg sigra i kvart sitt enkeltrenn, nett som nordmennene Terje Langli, Kristen Skjeldal og Vegard Ulvang.

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng
1 Vladimir Smirnov   Sovjetunionen 163
2 Torgny Mogren   Sverige 129
3 Bjørn Dæhlie   Noreg 105
4 Vegard Ulvang   Noreg 105
5 Kristen Skjeldal   Noreg 76
6 Terje Langli   Noreg 73
7 Henrik Forsberg   Sverige 73
8 Gunde Svan   Sverige 65
9 Maurilio De Zolt   Italia 62
10 Marco Albarello   Italia 62
11 Christer Majbäck   Sverige 59
12 Gianfranco Polvara   Italia 46
13 Harri Kirvesniemi   Finland 45
14 Sture Sivertsen   Noreg 45
15 Thomas Eriksson   Sverige 43
16 Jan Ottosson   Sverige 38
17 Václav Korunka   Tsjekkoslovakia 38
18 Mikhail Botvinov   Sovjetunionen 36
19 Aleksej Prokurorov   Sovjetunionen 36
20 Silvano Barco   Italia 26
21 Luboš Buchta   Tsjekkoslovakia 25
22 Vjatsjeslav Plaksunov   Sovjetunionen 25
23 Igor Badamsjin   Sovjetunionen 24
24 Giorgio Vanzetta   Italia 23
25 Pavel Benc   Tsjekkoslovakia 19

Kjelder

endre