Verdscupen i skiskyting 1983

Verdscupen i skiskyting 1983 tok til den 27. januar og vart avslutta 11. mars 1983. Turneringa omfatta 10 individuelle tevlingar, inkludert VM-renna. Utøvarane tevla i fem 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert fire stafettar over 4 x 7,5 km. Renna fann stad i Ruhpolding i Vest-Tyskland, Antholz (2) i Italia, Lahti i Finland og Oslo i Noreg.

Peter Angerer frå Vest-Tyskland gjekk til topps i turneringa, norske Eirik Kvalfoss vart andremann. Algimantas Šalna, som representerte Sovjetunionen sigra i tre av tevlingane, Kvalfoss og austtyske Frank Ullrich vann begge kvar sine to renn. Angerer, Dmitrij Vasiljev og Frank-Peter Roetsch vart fyrstemann i kvar si tevling.

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
01 Peter Angerer   Vest-Tyskland 143 1
02 Eirik Kvalfoss   Noreg 136 2
03 Frank Ullrich   Aust-Tyskland 134 2
04 Frank-Peter Roetsch   Aust-Tyskland 128 1
05 Odd Lirhus   Noreg 126
06 Algimantas Šalna   Sovjetunionen 122 3
07 Johann Passler   Italia 117
08 Fritz Fischer   Vest-Tyskland 117
09 Matthias Jacob   Aust-Tyskland 95
10 Alfred Eder   Austerrike 90
11 Kjell Søbak   Noreg 84
12 Dmitrij Vasiljev   Sovjetunionen 83 1
13 Yvon Mougel   Frankrike 78
14 Andreas Schweiger   Vest-Tyskland 69
15 Johnny Rognstad   Noreg 68
16 Piotr Miloradov   Sovjetunionen 65
17 Rudolf Horn   Austerrike 58
18 Sergej Bulygin   Sovjetunionen 58
19 Matthias Jung   Aust-Tyskland 58
20 Adriano Darioli   Italia 55
21 Ralf Göthel   Aust-Tyskland 50
22 Franz Bernreiter   Vest-Tyskland 46
23 Terje Krokstad   Noreg 45
24 Ronnie Adolfsson   Sverige 44
25 Jan Matous   Tsjekkoslovakia 42

Kjelder

endre
  • Sportsboken 83-84. Sportsboken As. Stavanger 1983.