Verdscupen i skiskyting 1985

Verdscupen i skiskyting 1985 tok til den 10. januar og vart avslutta 9. mars. Turneringa omfatta 10 individuelle tevlingar. Utøvarane tevla i fem 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert tre stafettar over 4 x 7,5 km. Renna fann stad i Minsk i Sovjetunionen, Oberhof (2) i Aust-Tyskland, Antholz i Italia, Lahti i Finland og Oslo i Noreg.

Frank-Peter Roetsch frå Aust-Tyskland forsvarte topp-plassen i turneringa. På andre- og tredjeplass kom høvesvis Jurij Kasjkarov frå Sovjetunionen og vesttyske Peter Angerer. Roetsch vann fire av tevlingane, Angerer to av dei.

IndividueltEndra

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Frank-Peter Roetsch   Aust-Tyskland 172 4
2 Jurij Kasjkarov   Sovjetunionen 141 1
3 Peter Angerer   Vest-Tyskland 140 2
4 Alfred Eder   Austerrike 138 1
5 Andrej Senkov   Sovjetunionen 130 1
6 André Sehmisch   Aust-Tyskland 129
7 Eirik Kvalfoss   Noreg 108
8 Ralf Göthel   Aust-Tyskland 99
9 Jürgen Wirth   Aust-Tyskland 93
10 Sergej Antonov   Sovjetunionen 90 1
11 Dmitrij Vasiljev   Sovjetunionen 86
12 Herbert Fritzenwenger   Vest-Tyskland 81
13 Vladimir Velitsjkov   Bulgaria 79
14 Algimantas Šalna   Sovjetunionen 72
15 Franz Schuler   Austerrike 72
16 Andreas Zingerle   Italia 69
17 Tapio Piipponen   Finland 68
18 Sergej Bulygin   Sovjetunionen 68
19 Christian Poirot   Frankrike 65
20 Francis Mougel   Frankrike 64
21 Øivind Nerhagen   Noreg 63
22 Matthias Jacob   Aust-Tyskland 59
23 Johnny Rognstad   Noreg 59
24 Pjotr Miloradov   Sovjetunionen 57
25 Kjell Søbak   Noreg 56

KjelderEndra

  • Sportsboken 85-86. Sportsboken As. Stavanger 1985.