Karl Adolf Verner (fødd 7. mars 1846 i Aarhus, daud 5. november 1896 i København) var ein dansk lingvist, som formulerte Verners lov.

Karl Verner

Fødd7. mars 1846
Aarhus
Død5. november 1896
København
NasjonalitetDanmark
Yrkeantropolog, lingvist
InstitusjonarKøbenhavns Universitet
MedlemDet Kongelige Danske Videnskabernes Selskab

Verner vart student 1864 og tok 1873 magistergrad i slaviske språk, der han førebudde seg mellom anna gjennom eit lengre opphald i Sankt Petersburg. Han vart 1876 tilsett ved universitetsbiblioteket i Halle og vart dessutan i 1883 dosent og i 1888 professor i slaviske språk i København. I 1887 vart han heidersdoktor i Heidelberg.

Verner publiserte svært lite - men han var likevel ein av dei mest kjende språkforskarane på 1800-talet, på grunn av artikkelen «Eine Ausnahme der ersten Lautverschiebung», som vart publisert i 1876 i Zeitschrift für vergleichende Sprachforschung. Artikkelen førte til at han fekk Bopp-prisen av Berlinakademiet.

I artikkelen viste han korleis det opphavlege indoeuropeiska trykket hadde stor påverknad for dei germanske språka. Denne oppdaginga har seinare vorte referert til som Verners lov. I same tidsskrift publiserte han same år ein annan viktig artikkel, «Zur Ablautsfrage».

Verners lov fekk store konsekvensar for lingvistikkens historie. I og med at ho gjorde greie for eit sett problematiske unntak i Grimms lov på ein enkel og elegant måte inspirerte ho junggrammatikarane i Leipzig til å postulere ein teori om unntakslause lydlovar, og meir generelt til å utvikle dei metodologiske krava til hypoteser om regelmessige lydsamband i den språkhistoriske forskinga.

Både desse to publikasjonane og det vesle han elles har skrive inngår i den samla utgåva av hans Afhandlinger og breve, som vart utgjeve 1903, i lag med ein utførleg biografi skrive av Marius Vibæk.

Kjelder endre

  Denne artikkelen inneheld utdrag frå Nordisk familjebok, eit svensk leksikon gjeve ut mellom 1904 og 1926 som i dag er offentleg eigedom.