Veronica Campbell-Brown

Veronica Campbell-Brown (fødd Veronica Campbell15. mai 1982) er ein jamaicansk sprintar og olympisk meister som spesialiserer seg på 100 meter og 200 meter samt 4 x 100 meter stafett. Ho har ein lang karriere bak seg og har vunne seks OL-medaljar så langt, tre av dei gull. I VM-samanheng har ho kome på pallen ni gonger under dei fire siste verdsmeisterskapane. Ho har vorte verdsmeister på både 100 meter og 200 meter sprint.

Veronica Campbell-Brown

Veronica Campbell-Brown feirar medalje under VM i friidrett 2011 i Daegu.
Foto: Erik van Leeuwen
Statsborgarskap Jamaica
Fødd 15. mai 1982 (41 år)
Clark's Town, Jamaica
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2004, Friidrett under Sommar-OL 2000, Friidrett under Sommar-OL 2016, athletics at the 2014 Commonwealth Games – women's 100 metres, Samveldeleikane 2014, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 2006

Olympisk karriere endre

Fyrste gongen Veronica Campbell deltok i OL var under sommar-OL 2000 i Sydney, 18 år gamal. Her tok ho sin fyrste OL-medalje, sølv under 4 x 100 meter stafett saman med m.a. Merlene Ottey.

Under neste OL, sommar-OL 2004 i Aten hadde Veronica Campbell fylt 24. Her kom ho til 100-metersfinalen der ho tok bronsemedalje. På 200 meter gjekk ho heilt til topps framfor amerikanske Allyson Felix, og vart olympisk meister for fyrste gong. Også det jamaicanske stafettlaget tok gull under dette OL med Veronica Campbell.

På dei nasjonale prøvane til sommar-OL 2008, greidde ikkje Campbell-Brown å kvalifisera seg til 100 meter sprint. Derimot greidde ho det på 200 meter, og tok sin andre olympiske gullmedalje på denne distansen i Beijing. Sølvet gjekk til Allyson Felix og bronsen fekk jamaicanske Kerron Stewart.

Veronica Campbell-Brown deltok også under sommar-OL 2012 i London. Her tok ho bronsemedalje på 100 meter bak amerikanske Carmelina Jeter og vinnaren Shelly Ann Fraser-Pryce frå Jamaica.

Kjelder endre