Vest-cree-abugidaen
Vest-cree-abugidaen, populært kalla vest-cree-stavingsalfabetet, er ein variant av abugidaen for cree og inuktitut, som blir nytta for å skrive prærie-cree (engelsk Plains Cree), skog-cree (engelsk Woods Cree) og vestlege dialektar av myr-cree (engelsk Swampy Cree. Den blir nytta for å skrive cree-dialektar grovt rekna vestanfor grensa mellom dei kanadiske provinsane Manitoba og Ontario.
Skriftsystemet for cree er ein abugida, i og med at konsonantane alltid blir uttrykte med same symbol, t.d. eit v-forma teikn for p, som så blir modifisert (her snudd rundt på) for å markere ulike konsonant-vokal-kombinasjonar. Abugidaer skil seg frå ekte stavingsalfabet ved at stavingsalfabeta, som t.d. cherokeealfabetet, har ulike symbol for kvar staving.
Grunnprinsipp
endreDei fleste symbola i vest-cree-abugidaen står for ei sekvens av konsonant pluss vokal, til dømes ᐱ pi og ᑎ ti. Ved å snu desse symbola i ulike retningar får ein fram ulike vokalar, slik at ᐳ står for po, ᐯ for pē og ᐸ for pa (og tilsvarande for dei andre konsonantane). Ved å setje ein prikk over ᐱ pi, ᐳ po og ᐸ pa får vi lange vokalar: ᐲ pī, ᐴ pō og ᐋ pā. (Det trengst ikkje prikk på ᐯ pē, sidan det ikkje finst nokon kort e.) Det finst òg eigne bokstavar for vokalar utan konsonant føre, nemleg ein trekant som blir snudd på same måten, ᐃ i, ᐅ po, ᐁ ē, ᐊ a, og som har ein prikk over for vokallengd: ᐄ ī, ᐆ ō og ᐋ ā.
Bokstavane må delast i symmetriske og asymmetriske, for variasjonen i vokalar kjem fram på litt forskjellige måtar ved dei to typane. Symmetriske bokstavar snur ein stegvis 90°, som alt vist ovanfor:
ᐃ i ᐱ pi ᑎ ti ᐊ ᐅ a o ᐸ ᐳ pa po ᑕ ᑐ ta to ᐁ e ᐯ pe ᑌ te
Ved asymmetriske bokstavar går ein fram på ein litt annan måte. Dels snur ein bokstavane 180°, dels spegelvender ein dei:
ᑭ ᑫ ki ke ᒋ ᒉ ci ce ᒥ ᒣ mi me ᓂ ᓀ ni ne ᓯ ᓭ si se ᔨ ᔦ yi ye ᑲ ᑯ ka ko ᒐ ᒍ ca co ᒪ ᒧ ma mo ᓇ ᓄ na no ᓴ ᓱ sa so ᔭ ᔪ ya yo
Ein prikk etter ein bokstav symboliserer at det kjem ein w føre vokalen. Medan ᐁ står for ē, står ᐍ for wē, og medan ᐯ står for pē, står ᐻ for pwē. (I aust-cree-stavingsalfabetet står prikken føre bokstaven.)
Det finst eigne bokstavar for konsonantar som står i slutten av ei staving, utan vokal etter seg. Desse bokstavane er kalla finale i tabellen nedanfor.
Bokstaven ᐦ står for h. Denne bokstaven blir nytta finalt, men blir òg sett føre vokalbokstavane, som i ᓀᐦᐃᔭᐍᐏᐣ nēhiyawēwin 'cree-språket'.
Dialektskilnader
endreDet er to fonologiske skilnader mellom prærie-cree og skog-cree som får fylgjer for korleis alfabetet blir nytta:
- Proto-algonkinsk *r har blitt til y i prærie-cree og til th [ð] i skog-cree. Th blir skriven med bokstavar som er modifiserte utgåver av bokstavane i y-serien.
- Proto-algonkinsk *ī og *ē har blitt til ī og ē i prærie-cree, men har falle saman i ī i skog-cree. I skog-cree blir stavingar med vokalen ī skrivne med bokstavar frå ē-serien. Til dømes står då ᑫ for kē i prærie-cree og for kī i myr-cree. Ī-serien blir med andre ord ikkje nytta i myr-cree.
Inventar
endreInitiale | Vokalar | Finale | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
ē | i | o | a | ī | ō | ā | ||
ᐁ | ᐃ | ᐅ | ᐊ | ᐄ | ᐆ | ᐋ | ||
p | ᐯ | ᐱ | ᐳ | ᐸ | ᐲ | ᐴ | ᐹ | ᑊ |
t | ᑌ | ᑎ | ᑐ | ᑕ | ᑏ | ᑑ | ᑖ | ᐟ |
k | ᑫ | ᑭ | ᑯ | ᑲ | ᑮ | ᑰ | ᑳ | ᐠ |
c | ᒉ | ᒋ | ᒍ | ᒐ | ᒌ | ᒎ | ᒑ | ᐨ |
m | ᒣ | ᒥ | ᒧ | ᒪ | ᒦ | ᒨ | ᒫ | ᒼ |
n | ᓀ | ᓂ | ᓄ | ᓇ | ᓃ | ᓅ | ᓈ | ᐣ |
s | ᓭ | ᓯ | ᓱ | ᓴ | ᓰ | ᓲ | ᓵ | ᐢ |
y | ᔦ | ᔨ | ᔪ | ᔭ | ᔩ | ᔫ | ᔮ | ᐩ (ᐝ)¹ |
th | ᖧ | ᖨ | ᖪ | ᖬ | ᖩ | ᖫ | ᖭ | ‡² |
w | ᐍ | ᐏ | ᐓ | ᐘ | ᐑ | ᐕ | ᐚ | ᐤ |
h | ᐦᐁ | ᐦᐃ | ᐦᐅ | ᐦᐊ | ᐦᐄ | ᐦᐆ | ᐦᐋ | ᐦ |
hk³ | ᕽ | |||||||
l 4 | ᓬ | |||||||
r 4 | ᕒ |
Notar:
- Final y blei opphavleg skriven med eit heva punkt, men det meir tydelege symbolet ᐩ blir no nytta i staden.
- Symbolet ‡ blir nytta i myr-cree-språket for ein final th [ð], men det er ikkje Unicode-standard.
- hk er ei veldig vanleg ord-final konsonantgruppe, fordi ho er ein del av suffikset som uttrykkjer kasuset lokativ, og har difor sin eigen bokstav.
- l og r finst berre i lånord i vestlege cree-dialektar. I ein romersk-katolsk variant av alfabetet finst det fulle seriar for desse konsonantane; jamfør avsnittet Romersk-katolske tillegg nedanfor.
Romersk-katolske tillegg
endreI ein romersk-katolsk variant av alfabetet finst det fulle seriar for lånords-konsonantane l og r:
Initiale | Vokalar | Finale | |||
---|---|---|---|---|---|
ē | i | o | a | ||
r | ᖊ | ᖋ | ᖌ | ᖍ | ᙆ |
l | ᕃ | ᕆ | ᕊ | ᕍ | ᔆ |
Vest-cree-abugidaen i dataalderen
endreDen kanadiske abugidaen er representert i Unicode, i området frå Ux1401 til Ux1676.