Prærie-cree-språket er eit algonkinsk språk som blir tala av 34 000 menneske av ei etnisk gruppe på 53 000 prærie-creefolk (ᐸᐢᒁᐏᔨᓂᐘᐠ, paskwāwiyiniwak) i British Columbia, Alberta, Saskatchewan, Manitoba og Northwest Territories i Canada og 100 i Montana i USA.[1] Språket blir rekna som ein dialekt i dialektkjeda cree-montagnais-naskapi. Endonymet er ᓀᐦᐃᔭᐍᐏᐣ nēhiyawēwin.

Prærie-cree-språket
nēhiyawēwin
Klassifisering Algiske språk
 Algonkinske språk
  Cree-montagnais-naskapi
   Prærie-cree
Bruk
Tala i Canada, USA
Prærie-cree-språkettalande i alt 34 100
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem Det kanadiske stavingsalfabetet, Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-2 cre (creespråka)
ISO 639-3 crk (Prærie-cree)
Trespråkleg minnetavle frå The Forks park, Winnipeg, Manitoba. Teksten er på engelsk, fransk og prærie-cree.
Pitikwahanapiwiyin (ca. 1842–1886), høvding for prærie-cree-folket. På engelsk kjend som Poundmaker.

Cree-talarar endre

Ethnologue oppgjev 160 prærie-cree-talarar i Canada, og 100 i USA, av ei etnisk gruppe på totalt 53 000[2]. Ethnologue oppgjev (kanadisk) folketeljing ("Census 2011") som kjelde, og den er korrekt sitert. Men av denne folketeljinga går det fram at i tillegg til at det for 305 talarar er oppgjeve eitt av språka præriecree, myrcree og skogscree som morsmål, er det 83 145 som har "cree" (dvs. uspesifisert for kva versjon av cree) som morsmål.


Fonologi endre

For meir om dette emnet, sjå Fonologi i prærie-cree-språket.

Prærie-cree har tre korte og fire lange vokal-fonem; vokallengd er markert ortografisk med ein makron over vokalsymbolet:

Vokalar
Fremre urunda Sentral urunda Bakre runda
Trong i ī
Midtre ē o ō
Open a ā

Av di det ikkje finst nokon kort e, er det vanleg å utelate makronenē. I denne artikkelen tek vi makronen med også på ē.

Språket har ti konsonant-fonem, som her er attgjevne ortografisk:

Konsonantar
Labial Alveolar Postalveolar Palatal Velar Glottal
Plosiv/affrikat p t c k  
Frikativ s h
Nasal m n
Halvvokal w y

Plosivane og affrikatane p t c k er stemde mellom vokalar og mellom ein vokal og ein halvvokal, og ustemde elles. C blir uttala [ʧ] eller [ʦ] når han er ustemd og [ʤ] eller [ʣ] når han er stemd.

Skrift endre

For meir om dette emnet, sjå Vest-cree-stavingsalfabetet.

Prærie-cree-språket blir skrive både med det latinske alfabetet, som vist i avsnittet Fonologi ovanfor, og med det kanadiske stavingsalfabetet, i ein variant som blir kalla vest-cree-stavingsalfabetet, som blir nytta for å skrive prærie-cree, skog-cree (engelsk Woods Cree) og vestlege dialektar av myr-cree (engelsk Swampy Cree). I denne artikkelen er nokre cree-ord skrivne i begge alfabeta.

Grammatikk endre

For meir om dette emnet, sjå Grammatikk i prærie-cree-språket.

Morfologi endre

Prærie-cree-språket, som andre algonkinske språk, har ein omfattande morfologi, og kan karakteriserast som sterkt syntetisk – eller som polysyntetisk. Språket har tre ordklassar som blir bøygde: substantiv, pronomen og verb. Her skal vi sjå på delar av bøyinga. Ei meir fullstendig framstilling finst i artikkelen Grammatikk i prærie-cree-språket.

Substantiv endre

Substantiva i prærie-cree har to genus, og dei blir primært bøygde i desse grammatiske kategoriane:

  1. Possessiv
  2. Numerus
  3. Obviasjon
  4. Vokativ
  5. Lokativ
Genus endre

Substantiva i prærie-cree høyrer til eitt av to genus, animatum og inanimatum. Til animatum høyrer typisk substantiv som viser til ånder, menneske, dyr, tre og nokre planter og til inanimatum høyrer typisk substantiv som viser til daude ting (ting utan liv), men også nokre planter:[3]

  • Animatum
  • ᒪᓂᑐᐤ manitow 'Gud'
  • ᐃᐢᑵᐤ iskwēw 'kvinne'
  • ᓰᓰᑊ sīsīp 'and'
  • ᐊᔪᐢᑲᐣ ayoskan 'bringebær'
  • Inanimatum
  • ᐚᐏ wāwi 'egg'
  • ᒪᐢᑭᓯᐣ maskisin 'mokasin'
  • ᒌᒫᐣ cīmān 'båt'
  • ᒪᐢᑫᐠ maskēk 'myr'





Skiljet mellom dei to genusa kjem fram på fleire måtar. For det fyrste viser det seg i forma på pronomena og verba som står i grammatiske relasjonar til substantiva, og for det andre viser det seg i bøyinga av substantiva sjølve.

Possessiv endre

Substantiva kan ha affiks som viser til eigaren eller eigarane, som i desse døma (bindestrekane er ikkje med i ortografien, dei er sette inn for å vise den morfologiske oppbygnaden av orda):

  • ni-maskisin 'mokasinen min'
  • ki-maskisin 'mokasinen din'
  • o-maskisin 'mokasinen hennar/hans (proks.)'
  • o-maskisin-iyiw 'mokasinen hennar/hans (obv.)'
  • ni-maskisin-inān 'mokasinen vår (eksl.)'
  • ki-maskisin-inaw 'mokasinen vår (inkl.)'
  • ki-maskisin-iwāw 'mokasinen dykkar'
  • o-maskisin-iwāw 'mokasinen deira'





Skiljet mellom o-maskisin 'mokkasinen hennar/hans (proks.)' o-maskisin-iyiw 'mokkasinen hennar/hans (obv.)' gjeld obviasjon ved possessor. Det er nærmare forklart i avsnittet Syntaks nedanfor.

Skiljet mellom 'vårt (inkl.)' og 'vårt (eksl.)' i til dømes kit-akohp-inaw 'teppet vårt (inkl.)' og nit-akoph-inān 'teppet vårt (eksl.)' er at ved 'vårt (inkl.)' er tilhøyraren eller tilhøyrarane inkluderte, medan ved 'vårt (eksl.)' er tilhøyraren eller tilhøyrarane ekskluderte. Det er nærmare omtala i avsnittet Pronomen.

Substantiv som maskisin 'mokkasin' blir kalla uavhengige, av di dei ikkje ha posessivaffiks, men det finst òg avhengige substantiv, som ikkje førekjem utan possessivaffiks. Det er særleg ord for kroppsdelar og slektningar som er avhengige. Ki-sit 'foten din' / ni-sit 'foten min'. Det går ikkje an å seie *sit 'fot' og det nærmaste ein kjem, er former med ein «generell possessor», med prefikset mi(t)-: mi-sit 'foten til einkvan'.

Numerus og obviasjon endre

Inanimate substantiv har ei singularisform og ei pluralisform, medan animate substantiv har eit skilje mellom proksimat og obviat (dei to trekka i den grammatiske kategorien obviasjon) og det er berre proksimate former som har numerusskilje:





Skiljet mellom proksimat og obviat gjeld grad av topikalitet. Proksimate substantiv viser til fenomen som er meir topikale i samtalen eller forteljinga. At noko er meir topikalt, tyder at det står meir i sentrum for merksemda eller spelar ei meir sentral, framtredande rolle. Obviasjon er nærmare omtala i avsnittet ’’Syntaks’’ nedanfor.

Possessivaffiksa kan kombinerast med suffiksa for numerus og obviasjon, som du kjem «utanpå» possessivsuffiksa, det vil seie heilt på slutten:





Vokativ endre

Slektskapstermar og ord for ein del andre sosiale relasjonar har eigne vokativformer, det vil seie tiltaleformer, éi singularis- og ei pluralisform. Vokativ eintal skil seg på eit stort sett uregelrett vis frå dei proksimate og obviate «omtaleformene», og i somme tilfelle ikkje i det heile, medan vokativ pluralis har suffikset ’’’-itik’’’ lagt til stamma i «omtaleformene». Her er nokre døme:





Lokativ endre

Suffikset -ihk uttrykkjer lokativ, det vil seie på, i eller ved noko. Lokativsuffikset kjem i staden for og i same posisjonen som numerus- og obviasjonssuffiksa:

  • cīmān ’båt’
  • Lokativ cīmānihk ’i båten’
  • sākahikan 'innsjø'
  • Lokativ sākahikanihk ’ved innsjøen’





Possessivaffiksa kan kombinerast med lokativsuffikset, som til dømes i nicīmāninānihk 'i båten vår (eksl.)'.

Pronomen endre

Personlege pronomen endre

Det finst to sett med personlege pronomen. Den fyrste typen kan setjast om med 'eg', 'du' osb., den andre med 'eg òg, èg sjølv', 'du òg, du sjølv' osb. Det finst ikkje noko skilje mellom proksimat og obviat i 3. person:

Personlege pronomen
Sett 1
1. person singularis nīya 'eg'
2. person singularis kīya 'du'
3. person singularis wīya 'ho/han'
1. person pluralis eksklusiv nīyanān 'vi (eksl.)'
1. person pluralis inklusiv kīyanāw 'vi (inkl.)'
2. person pluralis kīyawāw 'de'
3. person pluralis wīyawāw 'dei'

Verb endre

Verbtypar endre

Genusa har òg ein viktig innverknad på verba, som er delte inn i fire typar:

  1. TA: Transitiv animat. Transitive verb med animat objekt. Døme: wāpam- 'sjå'.
  2. TI: Transitiv inanimat. Transitive verb med inanimat objekt. Døme: wāpaht- 'sjå'.
  3. IA: Intransitiv animat. Intransitive verb med animat subjekt. Døme: wāpi- 'sjå'.
  4. II: Intransitiv inanimat. Intransitive verb med inanimat subjekt. Døme: timī- 'vere djup'.

Det kan hevdast at heile inndelinga handlar om skiljet mellom animatum og inanimatum. TA er verb med to animate ledd knytte til seg, TI har eitt animat og eitt inanimat ledd, IA har eitt animat ledd og II har eitt inanimat ledd. Desse setningane viser skilnaden i bruksmåte mellom dei tre cree-verba som tyder 'sjå':

  • TA. Wāpamāw sīsīp atimwa. 'Anda ser hunden.'
  • TI. Wāpahtam sīsīp wāwi. 'Anda ser egget.'
  • IA. Wāpiw sīsīp. 'Anda ser.

Språkhistorie endre

Hovudartikkel: Språkhistorie i prærie-cree-språket

Fleire av dei fonologiske endringane som er omtala i dette avsnittet, er sams for alle dialektar av cree-montagnais-naskapi-språket, og det er nemnt når ei endring berre har skjett i prærie-cree.

Apokope endre

Ein viktig fonologisk skilnad mellom proto-algonkinsk og prærie-cree er at ordfinale proto-algonkinske vokalar har falle bort:

  • Proto-algonkinsk
  • *eerikwa 'maur'
  • *ameɬkwa 'bever'
  • *šekaakwa 'skunk'
  • *šiiʔšiipa 'and'
  • *tiimaani 'båt'
  • *metooni 'munn'
  • Prærie-cree
  • ēyik 'maur'
  • amisk 'bever'
  • sikāk 'skunk'
  • sīsīp 'and'
  • cīmān 'båt'
  • mitōn 'munn'





– bortsett frå når resultatet ville ha vore eit einstavingsord:

  • Proto-algonkinsk
  • *maɬkwa ’bjørn’
  • *kaakwa 'piggsvin'
  • *waawi 'egg'
  • *šenta 'furu'
  • Prærie-cree
  • maskwa 'bjørn'
  • kākwa 'piggsvin'
  • wāwi 'egg'
  • sihta 'gran'





Proto-algonkinsk *w bort om han blir ståande ordfinalt, som i *šekaakwa 'skunk' > sikāk, men den opphavlege forma på ord viser seg framleis i proksimat pluralis sikākwa-k 'skunkar'.

Kort *e > i endre

Dei proto-algonkinske skorte vokalane *e og *i har falle saman i i:

  • Prærie-cree
  • ēyik 'maur'
  • amisk 'bever'
  • maskisin 'mokasin'





*r > y endre

Eit særdrag ved prærie-cree er endringa av proto-algonkinsk *r til y:

  • Prærie-cree
  • ēyik 'maur'
  • wayakēsk 'bork'





Proto-algonkinsk *ɬ endre

Proto-algonkinsk *ɬ og *t har oftast falle saman i t, men føre annan konsonant har han blitt til s. Føre *i og *ii har både *ɬ og *t blitt til c (men ikkje føre *e og *ee):

  • Proto-algonkinsk
  • *aɬemwa 'hund'
  • *meteehi 'hjarta'
  • *oɬkani (< *weɬkani) 'bein, knokkel'
  • *ɬiʔɬeemaawa 'tobakk'
  • *tiimaani 'båt'
  • Prærie-cree
  • atim 'hund'
  • mitēh 'hjarta'
  • oskan 'bein, knokkel'
  • cistēmaw 'tobakk'
  • cīmān 'båt'





Konsonantgrupper endre

Proto-algonkinske konsonantgrupper med nasal pluss plosiv har blitt til h pluss plosiv i prærie-cree, mellom anna *nt > ht og *nk > hk:

  • Prærie-cree
  • sihta 'gran'
  • mikohtākan 'strupe'
  • ispimihk 'over'





Proto-algonkinsk *ʔ har blitt til s fyrst i konsonantgrupper, mellom anna *ʔp > sp, *ʔt > st og *ʔɬ > st:

  • Proto-algonkinsk
  • *oʔpwaakana 'pipe'
  • *maʔkesini 'mokasin'
  • *ɬiʔɬeemaawa 'tobakk'
  • Prærie-cree
  • ospwākan 'pipe'
  • maskisin 'mokasin'
  • cistēmaw 'tobakk'





Bakgrunnsstoff endre


Kjelder endre

  • Okimasis, Jean L 1999: Cree, Language of the Plains. Nehiyawewin, Paskwawi-Pikiskwewin. University of Regina Publications 4. Regina: Canadian Plains Research Center.

Fotnotar endre

  1. Canada i Ethnologue
  2. Ethnologue om Prærie-cree
  3. Jamfør til dømes den fyldige ordboka Nancy LeClaire and George Cardinal 1998. alperta ohci kehtehtayak nehiyaw otwestamâkewasinahikan. Alberta Elders' Cree Dictionary. Ed. by Earle Waugh. Edmonton: The University of Alberta Press.