Vestplystretanagar

art av sporvefuglar

Vestplystretanagar (Calyptophilus tertius) er ein av to fugleartar i plystretanagarfamilien, Calyptophilidae. Han er endemisk for sørlege del av øya Hispaniola i Karibia og finst i begge statane, Haiti og Den dominikanske republikken.

Vestplystretanagar
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av vestplystretanagar
Utbreiinga av vestplystretanagar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Calyptophilidae
Slekt: Calyptophilus
Art: Vestplystretanagar C. tertius
Vitskapleg namn
Calyptophilus tertius

Taksonomi og systematikk

endre

Vestplystretanagar deler slekta si med austplystretanagar (C. frugivorus), og vart tidlegare handsama som ein underart av han. Slekta Calyptophilus var lenge inkludert i tanagarfamilien Thraupidae, dei «ekte» tanagarane, men i 2017 vart ho splitta ut som ei monotypisk biologisk slekt i ein ny familie plystretanagarfamilien.[1] Vestplystretanagaren er monotypisk.[2]

Skildring

endre

Vestplystretanagarar er 20 til 21 cm lang og veg omtrent 40 til 55 gram. Han har langt nebb og lang hale, så han minner litt om ein spottefugl i kroppsforma. Kjønna har same fjørdrakt, generelt ei mørk overside og lys underside. Vaksne har eit mørkt olivenbrunt hovud med ei svartaktig krone. Resten av oversida er mørk raudbrun. Strupen og brystet er kontrastfullt kvite, flankane og nedre del av buken har ein kraftig vask av gråbrunt.[2]

Vestplystretanagarar finst over alle dei høgaste fjellkjeder i Hispaniola, i det sørvestlege Massif de la Hotte i Haiti, og Chaîne de la Selle og den tilstøytande Sierra de Bahoruco i den sørvestlege delen av Den dominikanske republikken. Han lever i lauvskog og tette børsteområde, spesielt i ravinar og nær vatn. Høgdnivået ligg mellom 745 og 2200 moh. Vestplystretanagar er ein standfugl i heile området. Han er skjerr og blir vanlegvis treft på eller nær bakkenivå.[2]

Beitingsåtferda og kosthaldet til vestplystretanagar er ikkje godt kjend. Han søkjer føde på eller nær bakken, vanlegvis i par. Dietten består truleg mest av insekt og andre virvellause dyr med ei lita mengd frukt.[2]

Hekkesesongen er truleg frå mai til juli. Berre to reir er skildra. Dei var store kuppelforma bygd av grove materialar som treaktige stenglar, vinranker, mose og lav med eit fôr av finare materiale, plassert omtrent 1 til 1,5 m over bakken. Det eine reiret heldt to egg; etter klekking sørgde begge foreldra for avkommet.[2]

Begge kjønn av vestplystretanagar syng, vanlegvis ved daggry. Songen deira blir skildra som ein summande «wee-chee-chee-chee». Ropa deira inkluderer ein «chip-chip» og ein «tikk, tikk, tikk, tikk...».[2]

Status

endre

Verdas naturvernunion, IUCN, har kategorisert vestplystretanagar som sårbar, VU. Han har ei avgrensa utbreiing, og ein estimerte populasjon på 6700 til 13&nbsp300 modne individ, truleg er minkande. Dei viktigaste trugsmåla er avskoging og konvertering av habitat til jordbruksland. Introduserte pattedyr som svartrotte (Rattus rattus), brunrotter (R. norvegicus) og dessutan villkattar (Felis catus) medverkar til om lag 50 % reirpredasjon.[3]

Han er lokalt vanleg i begge landa og finst i nokre verna område, som i Haiti berre er svakt stødd.[2]

Kjelder

endre
  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2017), Updates & Corrections: August 2017, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.12, page 652, Calyptophilidae (Chat-Tanagers), Cornell Lab of Ornithology
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Hilty, S. (2020). Western Chat-Tanager (Calyptophilus tertius), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.wectan1.01
  3. BirdLife International (2021). «Western Chat-tanager Calyptophilus tertius». IUCN Red List of Threatened Species 2021: e.T22729082A190919306. doi:10.2305/IUCN.UK.2021-3.RLTS.T22729082A190919306.en. Henta 11. september 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Vestplystretanagar