Daugava
Daugava eller Vestlege Dvina (russisk Западная Двина', Zapadnaja Dvina, belarusisk Заходняя Дзвiна, Zahodniaja Dźvina, polsk Dźwina, tysk Düna) er ei elv som renn gjennom Russland, Belarus og Latvia. Ho har sitt utspring i Valdaihøgdene i Russland og munnar ut i Rigabukta i Latvia, ein arm av Austersjøen. Den totale lengda er 1 020 km. Daugava må ikkje forvekslast med Nordlege Dvina.
Daugava | |||
elv | |||
Daugava i Riga
| |||
Land | Russland, Belarus Latvia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 87 900 km² | ||
Lengd | 1 020 km | ||
Middelvassføring | 678 m³/s | ||
Kjelde | Russland | ||
• høgd | 221 moh. | ||
Munning | Rigabukta i Austersjøen | ||
Daugava 56°51′20″N 32°32′30″E / 56.855540805556°N 32.541687694444°E | |||
Wikimedia Commons: Daugava |
Elva er knytt til ein kanal som går mellom Berezina og Dnepr-elvane. Det er bygd tre vasskraftverk og demningar langs elva. Rīgas HES ligg like oppfor Riga eller 35 km frå munningen, Ķeguma HES ligg 35 km oppfor her igjen, 70 km frå munningen, og Pļaviņu HES ligg om lag 107 km frå munningen. Eit fjerde vasskraftverk Daugavpils HES er òg planlagd, men utbyggjinga har møtt krass kritikk. Belarus har òg planar om å bygge fleire demningar for straumproduksjon langs sin del av Daugava.
Byar og landsbyar langs Daugava
endre- Daugavpils i Latvia
- Jēkabpils i Latvia
- Aizkraukle i Latvia
- Ogre i Latvia
- Salaspils i Latvia
- Riga i Latvia
- Velizj i Russland
- Vitebsk i Belarus
- Polatsk i Belarus
Største sideelvar
endreBakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Daugava River frå Engelsk Wikipedia .