Victor Francis Hess
Victor Franz Hess (Victor Francis Hess) (24. juni 1883–17. desember 1964) var ein austerriksk–amerikansk fysikar, kjent for studium av radioaktivitet og kosmisk stråling. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1936 «for oppdaginga av kosmisk stråling». [1] Han delte prisen med Carl David Anderson, som fekk han «for oppdaginga av positron».[1]
Victor Francis Hess | |||
| |||
Fødd | 24. juni 1883 Peggau i Austerrike | ||
---|---|---|---|
Død | 17. desember 1964 (81 år) Mount Vernon i Westchester County i New York i USA | ||
Nasjonalitet | Austerriksk–amerikansk | ||
Område | fysikk | ||
Yrke | fysikar, professor, forskar | ||
Institusjonar | Universitetet i Wien Universität Innsbruck Karl-Franzens-Universität Graz Fordham University | ||
Alma mater | Universität Graz | ||
Kjend for | Oppdaginga av kosmisk stråling | ||
Ektefelle | Marie Bertha Warner Breisky, Elizabeth M. Hoenke | ||
Medlem | Det pavelege vitskapsakademiet Det austerrikske vitskapsakademiet American Physical Society |
Han var professor i fysikk universiteta i Graz (1920-21, 1923-30 og 1937-38) og Innsbruck (1931-1937). I perioden 1921-1932 var han direktør for U.S. Radium Corporations forskingslaboratorium i New Jersey. Kona hans var jødisk, og i 1938 flytta han derfor til USA med familien sin for å unngå nazistisk forfølging, og vart utnemnd til professor ved Fordham University same år, noko han var fram til 1952. Han vart seinare amerikansk statsborgar.
Hess gjorde i åra 1911–14 saman med Werner Kolhörster ei rekkje ballongoppstigingar til over 5000 m, og påviste då med ionisasjonskammer at den radioaktive strålinga auka med høgda. For oppdaginga av denne kosmiske strålinga fekk han 1936 saman med Carl David Anderson Nobelprisen i fysikk.
Publikasjonar
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Victor Francis Hess» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Nobelprisen i fysikk 1936» (på engelsk). Nobelprize.org. Henta 22. februar 2012.