Opna hovudmenyen
Vienna
Singel av Billy Joel
frå albumet The Stranger
A-side «She's Always a Woman»
Utgjeve 1977
Innspelt A & R Recording, New York City
Sjanger Rock
Lengd 3:34
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi
Only the Good Die Young»
(1977)
Vienna «The Stranger»
(1978)


«Vienna» er ein song av Billy Joel for albumet The Stranger frå 1977. Han vart gjeven ut som B-sida til singelen «She's Always a Woman».

I ein artikkeln i juli 2008 i New York Times sa Joel at dette var ein av favorittsongane hans, i lag med «Summer, Highland Falls».[1]

« Kvifor valte eg Wien som ein metafor for resten av livet ditt? Faren min bur i Wien no. Eg måtte leite etter han. Eg såg han ikkje frå eg var 8 år til eg var 23-24 år gammal. Han bur i Wien i Austerrike, som eg syns var rart fordi han flytta frå Tyskland på grunn av denne Hitler-fyren, og så flyttar han attende til den same staden der Hitler var alle desse åra. Wien, var lenge ved krossvegen. Under den kalde krigen, mellom Austblokka, nasjonane i Warsawapakta og landa i NATO låg i Wien... Wien var alltid krossvegen - mellom Det osmanske riket og Det tysk-romerske riket. Så metaforen Wien tyder her ein krossveg. Det er ein stad for utveksling - der ein stad der kulturar møtest. Du får god øl i Wien, men òg brandy frå Armenia. Der var ein stad der kulturar eksisterte saman.

Så eg drog for å vitje faren min i Wien. Eg går rundt i byen og ser denne gamle kvinna. Ho må ha vore kring 90 år gammal og kostar i gata. Eg sa til faren min «Kvifor kosta denne snille, gamle dama gata?» Han sa «Ho har ein jobb, ho føler eg nyttig, ho er glad, ho kan reingjere gata, ho vert ikkje sett bort». Vi behandlar gamle folk i dette landet ganske dårleg. Vi set dei bort på kvileheimar og latar som dei ikkje eksisterer. Folk i Wien føler det ikkje slik. I mange av desse eldre stadane i verda set dei pris på eldre folk og dei gamle føler at dei framleis kan vere ein del av samfunnet og eg tenkte 'dette er ein kjempegod ide - at gamle folker nyttige - og det tyder at eg ikkje treng å uroe meg så mykje om å verte gammal. Eg kan framleis vere nyttig når eg er gammal. Eg tenkte «Vienna waits for you...»


»

Songen vart spelt i ein episode av Taxi i 1981.

Andre versjonarEndra

KjelderEndra

  1. Barry, Dan (13 July 2008). «Just the Way He Is». The New York Times. 

BakgrunnsstoffEndra